14. juni 2019

«Ikkje kall meg nynorskjournalist»

– Eg identifiserer meg som journalist, men i kva grad identifiserer eg meg som nynorskjournalist? Motsatsen må då vera bokmålsjournalist, eit ord eg knapt har høyrt i bruk, men eg er klar over at ein del tenkjer på meg som nettopp nynorskjournalist, sa Kjersti Mjør då ho fekk utdelt nynorskprisen for journalistar under Dei nynorske festspela i Ørsta. Ho dreiv sjølvransaking i takketalen då ho fekk Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar. Bergens Tidende-journalisten ønskjer nemleg ikkje å bli stempla som «nynorskjournalist».

Vil formidle på lik linje med dei som skriv bokmål

Kjersti Mjør jobbar til dagleg som journalist i Bergens Tidende, der ho med sitt særpreg har sett eit sterkt preg på avisa med reportasjane sine gjennom mange år. Juryleiar Solveig Barstad gav Mjør eit trykk av Oddvar Torsheim. I tillegg fekk prisvinnaren 50.000 kroner.

Etter seansen utdjupa Mjør kvifor ho ikkje ønskjer å bli stempla som nynorskjournalist.

– Språket må ikkje overskugge innhaldet. Eg vil formidle historiene mine på lik linje med dei som skriv bokmål, og det må vere like naturleg – utan at det skal vere noko særtrekk. Eg vil skrive så godt at folk ikkje tenkje over om det er på nynorsk eller bokmål, forklarer Mjør.

Ho vil sjølv kalle seg ein journalist som skriv på nynorsk, og den første på takkelista hennar var såleis Ivar Aasen. Mjør understreka at ho er stolt av å få prisen.

– Eg er stolt av å stå i ein tradisjon av kvinner og menn som heilt sidan Vinje har skildra og rapportert frå samfunn, politikk, økonomi – frå kvardagane våre – på nynorsk, sa ho.

– Ikkje i tvil om at ho fortener prisen

I grunngjevinga for prisen heiter det at sakene til Mjør er prega av stor varme for menneske, nysgjerrigheit og humor. Språket hennar er klart og presist. Eit særleg kjenneteikn er at ho går djupt inn i historiene sine og stiller viktige spørsmål. Der andre journalistar stoppar når aktualiteten har gitt seg, har ho fleire gonger gått vidare og utforska historia bak historia. Ho har ei særleg evne til å skildre folka og deira liv og lagnader.

– Prisvinnaren er ein av landets beste portrettørar. Vi var ikkje i tvil om at Mjør fortener akkurat denne prisen, sa juryleiar Solveig Barstad.

Føremålet med Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. I år var det 23 nominerte journalistar. I juryen sat Solveig Barstad, Inger Johanne Sæterbakk og Øystein Vangsnes.