21. februar 2017

Barnebok og påskekrim

Ingunn Thon gjev ut barnebok på Samlaget. Forlaget skriv at det er ein spennande barneroman om venskap, familie og mot.
– I ei tid der mange barn lever med nye familiekonstellasjonar med mine, dine og våre barn, skriv Thon gripande og morosamt frå barnets perspektiv, heiter det i pressemeldinga frå Samlaget. Boka er illustrert av Nora Brech og målgruppa er ungar i alderen 6-9 år. Ingunn Thon var nynorskpraktikant på kull ti i 2009, og arbeider i NRK Super. I år er det ho som har skrive manuset til påskekrimmen i NRK Super.

Om barneboka seier Thon:

– Eg ville skrive om opplevinga rundt ein ny familiekonstellasjon fordi det er mange barn i dag som må takle det. Eg håpar dei kan finne trøyst og forståing i Ollis og hennar situasjon, seier Ingunn Thon. For heime hos Ollis og mamma er ting nemlig snudd på hovudet. Det har flytta inn ein knøttliten, søt veslebror, men også mamma sin irriterande ryddefreak-kjærast. Heime er ikkje lenger slik det var. Heldigvis er nabohuset den perfekte fristaden, for der bur Gro. Ollis og Gro er bestevenner og kjenner kvarandre ut og inn. Eller, gjer dei det? Ollis har ikkje alltid snakka heilt sant til Gro. Og når dei finn eit postkort i ei mystisk, gul postkasse midt i skogen, veks løgna til Ollis seg endå større. Kva er det Ollis veit om postkortet, som Gro ikkje veit?

Påskekrimmen 2017
I år har Ingunn Thon skrive påskekrimmen til NRK Super. – Kvart år sidan 2012 har NRK Super laga sin eigen påskekrim. Rolla som manusforfattar rullerar på dei tilsette i kanalen. I år var eg utruleg heldig og fekk spørsmålet om å skrive den. Det har vore ei veldig artig utfordring! No er manuset i hendene til produksjonsteamet, og eg må, som alle andre, berre vente spent på det ferdige resultatet. Det er 8 episodar à 5minutt, som skal gå frå og med 8.april, seier Ingunn Thon.

Bakgrunn
Ingunn Thon (f.1986) arbeider i NRK Super, mellom anna som dokkespelar. Barn kjenner henne også frå Julemorgen. Ho har utdanninga si frå tekst- og skribentlina ved Westerdals og frå NRK Nynorsk mediesenter. Thon kjem frå Ål i Hallingdal og var nynorskpraktikant på kull 10 med nynorskpraktikantar I 2009. Ho vart fast tilsett i NRK Super same året.