2. november 2012

Internpraksis – No er det alvor

Vi er ferdig med to veker i internpraksis her på desken, og no begynner Randi og Tone Lin å etterlyse innlegg på bloggen. Dei treng ikkje å uroe seg, for vi har ikkje gløymt dei. At eg framleis spør dei om å høyre på saker eg har laga er jo nettopp fordi eg saknar dei, […]

Vi er ferdig med to veker i internpraksis her på desken, og no begynner Randi og Tone Lin å etterlyse innlegg på bloggen. Dei treng ikkje å uroe seg, for vi har ikkje gløymt dei. At eg framleis spør dei om å høyre på saker eg har laga er jo nettopp fordi eg saknar dei, og dei gode tilbakemeldingane!

Når dei no har lagt ut bileter av dei nye praktikantane på kull 18 er det jo ekstra viktig at vi oppdaterar bloggen, slik at ingen gløymer at det faktisk er vi som er praktikantar, i alle fall nokre månadar til 🙂

Eg starta praksisen på radio, og har laga fleire magasinsaker desse to vekene. Eg har blant anna intervjua fylkesleiarane i dei politiske partia om talet på medlemmar, og samnlikna med situasjonen for ti år sidan. Ei interessant utvikling for fleire av partia som du kan høyre her.

Pasientar som ikkje møter til timane sine er eit problem fleire stadar. Denne veka var eg på sentralsjukehuset i Førde, der dei kunne fortelje at hittil i år har over 3000 timar ved polikliniske avdelingar i Helse Førde ikkje vorte nytta fordi pasientane ikkje møtte. Denne saka vart også sendt på Dagnytt, så då fekk eg erfare kor vanskeleg det er å klippe ned ei sak som eg har jobba med ei stund. Du kan høyre saka her.

Eg har og snakka med elevar om fusking på prøver, og konsekvesane av dette. Elevane ved Hafstad vidaregåande skule var veldig artige å intervjue, så dei fortenar skryt for det. Denne saka kan du høyre her. Dersom du vil høyre flere saker eg har laga så er det berre å skru på radioen 🙂

Til slutt vil eg gratulere kull 18 med plass på nynorsk mediesenter. De er utruleg heldige!