4. mars 2012

Internpraksisen bankar på døra

Då var det over, dei to mnd. med opplæring på loftet. I skrivande stund sit eg på Fjordekspressen på veg frå vakre Ørsta. Føraren av bussen nærmar seg nok 80, der han sit og sprett på det eg mistenker for å vere ei trampoline forkledd som eit sete. Mysande ut frontruta og stadig justering på […]

Då var det over, dei to mnd. med opplæring på loftet. I skrivande stund sit eg på Fjordekspressen på veg frå vakre Ørsta.

Føraren av bussen nærmar seg nok 80, der han sit og sprett på det eg mistenker for å vere ei trampoline forkledd som eit sete. Mysande ut frontruta og stadig justering på gass og ratt. La gå, eg har vertfall setebeltet på.

I morgon tek eg til med to veker radiopraksis. Veldig spent, men eg kleiar i fingrane etter å få produsere kvar dag.

Her er forresten litt av det eg har laga i det siste:

Tysdag skreiv eg ei sak om at den gamle bomstasjonen i Fjærland skal verte museum. Laga også ei radioreportasje, men har ikkje den for hand akkurat no.

Onsdag skreiv eg saka om at krigsheltar frå Førde kommune endeleg skal verte heidra. Monumentet skal kome ein stad i sentrum. Kvar foreslår du?

Torsdag var det TV-tid. Eg og min gode kollega Raymond tok turen til Libris for å ta tempen på Mammutsalet. Vi laga nettsak og TV! Sjå her!

Og i dag er altså dagen for internpraksis. Eg laga ei radiosak i 3 ulike lengder om Årets Reiselivsperle med ein litt annan innfallsvinkel enn det som har vore hittil, og min gode kollega Anna Gytri har hamra den inn på nettet. Les her!