18. mai 2015

Jan Zahl får nynorskpris for journalistar

Journalist i Stavanger Aftenblad, Jan Zahl, får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2015. – Jan Zahl skriv stilsikkert og godt, med brodd og vidd, i tvisyn-tradisjonen etter Aasmund Olavsson Vinje. Zahl held nynorsken i hevd i eit område av landet der engelsk og bokmål vinn terreng, heiter det i grunngjevinga til juryen.

– Det er enormt stas å få denne prisen. Eg vart ekstra glad for å høyra at juryen meiner eg står i tvisyn-tradisjonen etter Vinje. Der kjenner eg meg heime. Elles trur eg ikkje eg er så lett å plassera. Eg har blitt skulda både for å vere venstrevridd og høgrevridd i kommentarane mine. Men sånn er det altså å leva i tvisynet, seier Zahl.

Jan Zahl er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007. Før det var han journalist i Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom anna «Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra». Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk.

– Nynorsk er språket mitt

Han reknar seg ikkje som målaktivst og kjenner seg ikkje i noko offerolle. Men han tykte det var rart å koma heim att til Rogaland og få meir reaksjonar på at han skreiv nynorsk i Stavanger Aftenblad enn han fekk då han gjorde det i ulike media i Oslo. Det er framleis dei som vil seie opp Stavanger Aftenblad fordi det vert skrive nynorsk i avisa.

– Forholdet mitt til nynorsk er kvardagsleg og udramatisk. Det er språket mitt. Eg snakkar som eg gjer ( frå Bryne på Jæren), og då blir det eit logisk og naturleg val å skriva nynorsk, seier Jan Zahl.

Vestlandskkritisk ståstad

Sjølv meiner Zahl at han har eit kritisk og rasjonelt utgangspunkt når han skriv, heller enn ein ideologisk-politisk ståstad. – Kanskje er det rett å seie at eg skriv frå ein vestlandskkritisk ståstad ? Heile 88 prosent av oss bur utanfor Oslo, men det virkar ikkje slik når vi ser, høyrer og les «nasjonale» media. Då er det både logisk og viktig at me som bur utanfor ser kritisk på makt, politikk, pengar og dagsorden. Det kan koma mykje god journalistikk ut av det, seier Zahl.

Prisutdeling i Ørsta 26. juni

Føremålet med Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar språket, og som er eit føredøme for andre. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk.

Leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, deler ut prisen i Aasentunet 26. juni, under Dei nynorske festspela. Haugsbø er kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp og har bakgrunn som journalist i NRK. Med seg i juryen har han forfattar og journalist i Dag og Tid, Agnes Ravatn, og redaktør Svend Arne Vee, i Firdaposten, Florø.

 

Skjermbildenytt