19. mars 2018

Jens Kihl kjem 9. april

Ein av dei stoltaste nynorskbrukande journalistane vi veit om er Jens Kihl i Klassekampen. Han er oslogut og snakkar bokmål, men nestleiar i Noregs Mållag og ein stolt nynorskskrivande journalist. I fjor fekk han Kulturdepartementet sin nynorskris for journalistar, saman med kollega Guri Kulås.

27. april er kull 28 ferdige med grunnopplæring og praksis i Førde og klare for to månader ekstern praksis. Vi har prøvd å bu dei best mogeleg for kva som møter dei i røyndommen, men stundom trengst det ein høgare himmel over det vi driv på med. Det er til det føremålet vi har bedt målmannen og journalisten Jens Kihl om å vere gjesteførelesar 9. april. Han skal snakke om kva det krev å vere nynorskbrukande journalist, om eigne og andre sine forvetningar og gleda over å bruke nynorsk.

16. april er Simon Solheim gjesteførelesar. Han var nynorskpraktikant i 2009/10 og er no journalist og vaktsjef i NRK Nyhende, mest å sjå og høyre i Dagsrevyen. Han skal snakke om å vere kritisk til makta og drive gravande journalistikk. Han gjev elles råd om korleis ein føter seg etter at ein er ferdig som nynorskpraktikant, om ein vil satse på journalistikken.

23. april reiser kull 28 til Aasentunet, saman med praktikantane i Nynorsk avissenter. For å høyre historia om Ivar Aasen og nynorsken, og bli oppdaterte på siste nytt om språket vårt av Ottar Grepstad, direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta.

Sjå heile lista over gjesteførelesarar våren 2018 her