20. desember 2018

«Jentekullet» er klar for praksis

Kull 29 vart torsdag takka av i den tradisjonsrike julelunsjen ved NRK Sogn og Fjordane. På nyåret startar dei i ekstern praksis i andre redaksjonar i NRK.

Frå venstre Birgitte Vågnes Bakken, Ingvild Aleksandra Eide, Solveig Nyhus Aksnes, Elise Kvien og Ida Yasin Andersen.

– Det femte jentekullet vårt har gjort at eg ser litt meir nyansert på reine jentekull, sjølv om eg alltid vil meine at arbeidsmiljø med begge kjønn er best. Men de fem har ikkje skremt meg for nye jentekull, om livet gjer det nødvendig, sa leiar Magni Øvrebotten ved NRK Nynorsk mediesenter.

Praktikantane er no ferdige med fire månadar i Førde. Dei åtte første vekene gjekk med til grunnopplæring på nett, radio, TV og some, og deretter har dei jobba i to månadar for NRK Sogn og Fjordane.

På byrjinga av nyåret startar praktikantane i praksis i andre redaksjonar i NRK. Birgitte Vågnes Bakken skal ha praksisen sin i innanriksredaksjonen i NRK Nyhende, Ida Yasin Andersen skal til NRK Hordaland, Elise Kvien skal til P3-nyhenda på Tyholt, Solveig Nyhus Aksnes til NRK Møre og Romsdal og Ingvild Aleksandra Eide til NRK Hordaland.

– Eg håpar de reiser herifrå som stolte og trygge nynorskbrukande journalistar, som både veit kvar de kjem frå, kva de står for og kvar de har vore og lært journalistikk, sa Magni Øvrebotten.