2. oktober 2015

Jobben min: Anker i TV2 Nyhetskanalen

Siri Kleiven Strøm (1987) er nyhendeanker i TV 2 Nyhetskanalen. Ho kjem frå Årdal i Sogn og gjekk på kull 10 med nynorskpraktikantar, våren 2009 , og arbeidde som journalist i NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland etterpå. I Bergen var ho også programleiar for Vestlandsrevyen og Norge i dag.

– Jobben som anker på TV2 Nyhetskanalen handlar om å vere klar for det meste. Veldig mange dagar går som du har tenkt og planlagt, men viss dagen byr på store, uventa nyhender blir alle planar kasta. Terskelen for å gå i «breaking-news» er låg på nyhetskanalen og det finst nesten uavgrensa med sendetid. Fleire og fleire veljer Nyhetskanalen når det skjer store ulukker, når ekstremver råkar eller ved andre store hendingar og behovet for å bli kontinuerleg oppdatert er stort. Samstundes veljer fleire ei nyheitsoppdatering midt på dagen eller seint på kveld i staden for eller i tillegg til hovudsendingane. Forbrukarane krev å bli oppdatert når nyhendene skjer. Det gjer det spennande å jobbe i nyhetskanalen!

– Korleis likar du deg i den?

– Eg likar nyhetskanalen fordi den gir meg det eg vil ha både som journalist og forbrukar. Eg er ein av dei forbrukarane som vil bli oppdatert samstundes som nyhendene finn stad, med ein gang og ikkje etterpå. Slik er eg og som journalist. Eg gjerne på lufta med det eg veit, så fort som mogleg. Samstundes er det òg rom for å vie meir tid til å gå djupare i tema som set dagsorden.

– Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?

– Eg hadde ikkje vore der eg er i dag utan Nynorsk mediesenter. Så enkelt er det. Takk!