31. oktober 2019

Jobben min: Arbeider med «Trigger Warning»

Magnus Helle var nynorskpraktikant på kull 30, våren 2019. Han er no vikar i programmet Brennpunkt i Dokumentar og samfunn i NRK. Helle hadde ekstern praksis og sommarjobb i NRK Sport.

Kva er jobben din?

Eg jobbar no i digital undersøkande i dokumentar og samfunn. Her arbeider eg med prosjektet «Trigger Warning». Det er eit prosjekt der NRK har avdekt eit nettverk på Instagram, kor over 500 norske jenter driv med sjølvskading og legg ut sjølvmordstankar. Eg begynte i stillinga som nyheitsjournalist i prosjektet i midten av september. Jobben min går ut på å kome med oppfølgarar til prosjektet for å halde saka aktuell. Her blir eg fram til 20. desember.

Korleis likar du deg i jobben?

Eg trivst veldig godt her. Det har vore ein jobb utanom det vanlege, spesielt når det kjem til etiske vurderingar. Det har også vore lange periodar der ein blir eksponert for både grafiske bilde og tragiske historier. Det er likevel verdt det, for kjensla av at ein gjer ein viktig jobb som set tydelege spor er god.

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Eg hadde ganske enkelt ikkje vore her i dag utan Nynorsk mediesenter. Opplæringa har gjort at eg kan handtere å produsere på alle plattformer, noko som gjer meg til ein enda større ressurs. I tillegg har undervisinga gjort meg enda tryggare når eg i dag blir sett i vanskelege etiske vurderingar. Eg kan enkelt seie at eg skuldar Nynorsk mediesenter utruleg mykje.