29. september 2015

Jobben min: Bergens Tidende

Adalheidur Audardottir Oldeide (1988) er vikar i nyhenderedaksjonen til Bergens Tidende, med rus og krim som hovudfelt. Ho gjekk på kull 18 med nynorskpraktikantar, våren 2013. Oldeide hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt.

– Då eg var ferdig som nynorskpraktikant var eg ein sommar i NRK Sogn og Fjordane. Etter det fekk eg vikariat i NRK Hordaland og blei der ut 2014. I januar byrja eg på tilkalling i BT før sommarvikariat, og i august gjekk eg inn i eit årsvikariat.

– Korleis likar du deg i jobben?

– I BT trivst eg kjempegodt. Det er eit særs høgt nyheitstempo, og det er forventa at ein stiller med eigne idear til saker kvar dag. Sjølv om presset er høgt, får ein også mykje ansvar og moglegheiter. Eg har vakse mykje som journalist tida eg har arbeidd her. Å få jobbe både avis og nett er veldig kjekt. Også her blir video stadig viktigare, så eg får også halde ved like erfaringa mi frå fjernsyn.

Eg jobbar i nyheitsavdelinga. Her har eg rus og krim som hovudfelt, men jobben kan vere særs variert. Eg jobbar med alt frå reportasjar til utanriksstoff, i tillegg til å rykke på store hendingar. I sommar blei eg til dømes sendt i helikopter til Sogn og Fjordane for å dekke ein brann i Gudvangatunnelen. Denne veka var eg i Bergen fengsel for å lage reportasje.

Kvardagen i avisa er særs innhaldsrik og spanande. Med handa på hjartet kan eg seie at eg  ikkje har kjeda meg ein einste dag på jobb sidan eg byrja på Nynorsk mediesenter.

– Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?

– NRK Nynorsk mediesenter har betydd alt for mi journalistiske karriere. Det har utan tvil vore eit springbrett til det som har vist seg å bli eit hav av moglegheiter.  Eg gler meg til vegen vidare, seier Adalheidur Oldeide.

Sjå meir om kva jobbar nynorskpraktikantane har her