17. mars 2015

Jobben min: Ekko i NRK P2

– NRK Nynorsk mediesenteret har vore avgjerande for yrkesvegen min så langt, og det er eg utruleg takksam for, seier Ingunn Rauk. Ho var nynorskpraktikant i 2012 og fekk fast jobb i NRK i fjor sommar.

Kva gjer du no?

Eg er produsent i det aktuelle samfunns- og vitskapsprogrammet Ekko i NRK P2. Det betyr at eg har ansvaret for to timar direktesendt radio kvar tredje dag, avvikla saman med ein programleiar. Sendingane er ei blanding av det me kallar dagens sak, andre direkteintervju og reportasjar i ulike lengder. Dei to dagane mellom kvar sending planlegg produsenten og programleiaren sendinga, som me har høve til å diskutere med andre i redaksjonen i daglege deskmøte.


Korleis hamna du her?

Eg begynte her i januar, etter å ha blitt spurd om eg kunne tenkje meg jobben ikkje så lenge før jul. Eg visste at Ekko er ein fin redaksjon å jobbe i, sidan eg har vore reporter her tidlegare, då som tilkallingsvikar. Etter tida i Førde og praksis i Kulturhuset i NRK P2 for snart tre år sidan, har eg vore vekselvis vikar og tilkallingsvikar i fleire redaksjonar på Marienlyst, både i Nyheitsdivisjonen, Kulturavdelinga og Dokumentar- og samfunnsavdelinga. Erfaring frå Dagsnytt, NRK.no, Kulturhuset og NRK bok kjem godt med i ein variert jobb som inneber å vere journalist og ein type teknikar samstundes. Fast jobb som vikar/tilkallingsvikar fekk eg sist sommar. Etter ei stund som researcher i tv-programmet Brenner & bøkene og reporter i Norgesglasset i haust, ser det ut til at eg blir meir bufast framover her i Ekko.


Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Eit liv utan Nynorsk mediesenter hadde også vore eit liv, men det er ikkje så lett å sjå for seg! Gjennom jobben min lærer eg noko nytt kvar dag, og det trur eg lyttarane gjer òg. Begge delar er viktige for meg. Mediesenteret har vore avgjerande for yrkesvegen min så langt, og det er eg utruleg takksam for.