1. oktober 2014

Jobben min: Fotograf og redigerar

– Eg er heldig, og eg veit det. Eg har landa draumejobben. Mykje takka vere Nynorsk mediesenter, seier Gøril Furu, fotograf og redigerar i Østlandssendinga og Migrapolis. Ho gjekk på det femte kullet med nynorskpraktikantar, i 2006/07.

– Då eg starta i Førde for åtte år sidan var eg midt i ei TV-utdanning i Trondheim. Eg var 22 år ung, litt usikker og stod med ein billett i handa som i etterid har opna fleire dører enn ein 22-åring turde håpe på. Frå Nynorsk mediesenter fekk eg med meg både radio, nett og TV-erfaring og sjølv om det var sistnemnde medie eg ønskte å jobbe med har ballasten frå dei andre to også vore god å ha med seg. Det var nemlig i radio eg fekk fast jobb. Det tok riktig nok ikkje lang tid før TV-suget melde seg og eg tok permisjon frå jobben og flytta til Boston i USA for å ta ein master i TV-produksjon. Vegen fra radiotryne til TV-fotograf var ikkje den enklaste, eller mest naturlege vil kanskje nokon seie, men den hadde kanskje ikkje vore mogleg i det heile om eg ikkje hadde blitt ønskt velkommen til Førde den septemberdagen i 2006.

– Korleis er jobben din?

– I dag har eg ein jobb kor eg sjeldan keier meg. Eg jobber i ein pulserande nyheitsredaksjon som leverer til nrk.no, Dagsrevyen, Østlandsendingen på TV, Instagram, Facebook og Twitter. Og jobber eg ikkje nyheiter er eg i den heldige posisjonen at eg får jobbe med lengre format i Migrapolis. Slik lærer eg meg å være rask samstundes som eg får utvikla fortejlaren i meg ved å jobbe med prosjekter over lengre tid.

Arbeidsdagen min er ofte veldig dynamisk – og ikkje reint sjeldan ganske stressande. I løpet av ein arbeidsdag kan alt skje; reportaren må først finne kjelder, vi reiser så ut på alt frå drapssaker til rullatorløp for eldre, vi sikrer oss bilete frå alle moglege vinklar, spring etter politikarar med 12kg kamera på skuldra, sender over stoff til nettet eller Dagsrevyen eller er direkte frå staden. Det går ikkje ein dag utan at eg er svett. Vel inne frå opptak skal saken redigerast, og med korte fristar opp mot sending kan pulsen fort bli høg. Det passar meg veldig godt!