24. september 2019

Jobben min: Frontsjef i Vårt Land

Hans-Olav Rise (27) var nynorskpraktikant våren 2012 og arbeidde vel eitt år i NRK Møre og Romsdal etter avslutta praksis der. Han tok journalistutdanning ved Høgskulen i Oslo og Akershus og i studietida arbeidde han for NRK Sporten, NTB og Nynorsk pressekontor (NPK). Etterpå var han vikar i NRK og Nationen før han fekk fast jobb i Vårt Land.

Kva er jobben din?
– Eg er frontsjef i Vårt Land. Heilt enkelt vil det seie at eg har hovudansvar for å presentere og røkte journalistikken på VL.no. Ein normal arbeidsdag startar med eit morgonmøte med redaktørar og reportasjeleiarar. Vi går gjennom papiravisa og avisa digitalt, før nyheitsprioriteringane for dagen blir spikra. Like etter leiar eg eit kort møte med nettdesken.

– I jobben har eg ansvar for publiseringsplanar digitalt og i sosiale medium. Eg gjer prioriteringar på forsida og jobbar for å presentere journalistikken vår på best mogleg vis. I tillegg fungerer eg som vaktsjef for journalistane som til ei kvar tid er på nettvakt. Eg skriv av og til sjølv, oftast når det skjer noko stort, men brorparten av arbeidet handlar om å foredle den gode journalistikken frå avdelingane. Det er elles mykje analyse i det daglege og langsiktige arbeidet. Google Analytics, Chartbeat og Cxense har eg fått eit endå nærare forhold til i år.

Korleis likar du deg i jobben?
– Jobben er ei konstant og morosam utfordring. Eg starta i jobben i januar og har hatt hektiske dagar frå første stund. Avisa opplevde store utskiftingar i 2018 og fleire stillingar stod vakante då eg dukka opp ved årsskiftet. Avisa låg (og ligg framleis) litt bakpå digitalt, men pilene peikar i rett retning over heile linja no. Mediehuset har fått på plass eit slagkraftig lag av redaktørar, stillingar er fylte og ein digital strategi er på plass. Så, ja, eg likar meg i jobben.

– Reint personleg er det moro med meir ansvar. Mentor Medier, konsernet Vårt Land er ein del av, skal bytte publiseringssystem i 2020. Så i tillegg til dei vanlege oppgåvene har eg hovudansvar internt for overgangen til nytt system i Vårt Land. Jobben som frontsjef er i seg sjølv utruleg spennande, men det er ekstra moro og lærerikt å få vere del av ei såpass stor digital omlegging.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
– Mediesenteret har betydd mykje for meg. Eg blei tatt inn som praktikant då eg var 20 år, på eit tidspunkt i livet der ting var uklare. Eg har aldri vore i tvil om at eg ønskjer å jobbe med journalistikk, men eg var var trøytt av mykje då eg litt tilfeldig søkte meg til Nynorsk mediesenter. Å få tilbod om praksisplass i NRK var i seg sjølv ein oppkvikkar, men det blei verkeleg moro då eg byrja som praktikant i januar 2012.

– Eg hugsar kor inspirerande dagen med tidlegare utanrikskorrespondent Annette Groth var. Eg hugsar kor lærerikt foredraget med Brennpunkt-redaktør Odd Isungset var. Eg hugsar kor kult og augeopnande det var å høyre korleis Linda Eide jobba journalistisk. Og eg hugsar dagen med Jorid – den røynde logopeden som skjerpar stemmene i NRK. Eg har godt syn og eg høyrer litt for godt, ifølgje éin lege, men i 2012 var der mykje å pirke i vokalt. Eg trur reelt at magien til Jorid har gjort at fleire dialekt-motvillige erke-austlendingar forstår meg sånn passe godt i dag. Eit stort pluss for ein kjapt-pratande og tidvis taletrengt sunnmøring.

– Meir praktisk lærte eg òg mykje i Førde, i stor grad fordi ein som praktikant får tillit i redaksjonen. Eg kan med handa på hjartet seie at NRK Sogn og Fjordane var ein strålande redaksjon å utvikle seg i som journalist. Generelt er distriktskontora i NRK ein perfekt læringsarena for unge journalistar. Det høyrer til historia mi frå mediesenteret at eg ønskte meg til Marienlyst i ekstern praksis. I 2012 var eg ein kontrær ung mann med ein merkeleg sjølvtillit og med litt mindre sjølvinnsikt enn i dag. Mediesenter-matriark Magni Øvrebotten «tvinga» meg «heim» til NRK Møre og Romsdal, noko eg i ettertid er utruleg takksam for. Det er ein kunst å skunde seg sakte – og ikkje alltid lett å gjere som ivrig 20-åring.

– For vegen frå mediesenteret til jobben eg har i dag har vore halvlang, men heile tida lærerik. Korte kontraktar er ein tøff realitet, og livet som vikar i NRK kan vere brutalt, men du lærer noko av kvar oppleving og kvart vikariat. Eg har nokre skrekkhistorier frå vikarlivet på Marienlyst, men mediesenteret har eg berre godord om. Snart åtte år etter at eg starta som praktikant blir eg både følgt opp og følgt med på. For det er éin ting at mediesenteret har betydd mykje for meg og andre tidlegare praktikantar, men det er herleg å vite at kvar enkelt praktikant betyr mykje for mediesenteret. Ei kort melding frå i fjor gir eit godt bilde på samspelet.

– Bakgrunnen før meldingane er som følgjer: Med ein dryg månads mellomrom hadde eg og Raymond Lidal fått faste jobbar i høvesvis Vårt Land og NRK Sogn og Fjordane. Vi var dei to siste frå kull 16 som fekk fast jobb – visst nok ein merkedag. For etter å ha informert mediesenteret og Magni ein ettermiddag fekk eg ei gratulasjonsmelding frå nemnde Raymond neste formiddag. Magni, som har fått fortent heider etter å ha leia Nynorsk mediesenter i 15 av 15 år, hadde dukka opp på desken i Førde. Ikkje lenge etter fekk eg ei melding frå Raymond: «Eg har ikkje sett Magni meir levande og glad enn i dag då ho fekk annonsere på desken at me er det første kullet der alle har fast jobb i media. Gratulerer med ny jobb!» Uansett jobb er det moro å vite at ein har eit omsorgsfullt mediesenter i ryggen.