7. september 2017

Jobben min: Gruppeleiar teknologi

Ingvil Aaen Torpe (1982) har nett byrja som gruppeleiar for teknologi i NRK Region Vest, som omfattar distriktskontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Ho gjekk på kull 12 med nynorskpraktikantar i 2009/10. Torpe har hatt ulike jobbar i programavdelinga på Minde, og fleire av dei har medført leiaransvar. Ho har vore klippar, men også vaktsjef i Førkveld, prosjektleiar for Påskekveld og sist redaktør på Superbonden, alt program på NRK 1.

Kva er jobben din?
– Eg jobbar som gruppeleiar teknologi i NRK Vest og har personalansvar for rundt 20 medarbeidarar, og mykje av jobben handlar sjølvsagt om å følgje opp desse. Det handlar om å få ut det beste av alle, i tråd med NRK sin langtidsstrategi. Som gruppeleiar skal du få alle til å dra i same retning, ha overordna oversikt og halde deg oppdatert på kva som ventar rundt neste sving, teknisk og innhaldsmessig.

Korleis likar du deg?
– Denne jobben er heilt ny for meg, så dei fyrste vekene har det vore veldig mykje å setje seg inn i. Eg trivst godt så langt, og gler meg til det som ventar. I midten av oktober flyttar me inn i topp moderne lokaler i den nye medieklynga i Bergen. Det trur eg blir veldig bra, både for oss som jobbar i NRK og heile mediemiljøet i byen. Spennande å sjå kva det kan føre til av samarbeid og kunnskapsdeling framover!

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
– Nynorsk mediesenter var eit viktig steg på vegen mot fast jobb i NRK. Dei effektive månadane i Førde gjorde meg tryggare som journalist, eg lærte viktige verktøy og eg fekk oversikt over arbeidsflyten i ein verkeleg nyheitsredaksjon. Eg hadde jobba nokre år i TV-bransjen før eg kom til Førde, men hadde stort utbytte av tida på Nynorsk mediesenter. Der fekk eg prøve og feile i trygge omgjevnadar, og lærte mykje som eg dreg nytte av den dag i dag.