23. januar 2015

Jobben min: Ingvil Aaen Torpe lagar sakte-tv i Bergen

– NRK Nynorsk mediesenter var viktig for meg på den måten at eg fekk stadfesta ovanfor meg sjølv kva retning eg skulle velje vidare, seier Ingvil Aaen Torpe. Ho var nynorskpraktikant i Førde i 2010 og fekk fast jobb i NRK Hordaland for to år sidan.

Torpe har tidlegare jobba både som fotograf, redigererer, reporter og vaktsjef i NRK på Minde. Som frilanser har ho jobba til saman 4 år for Monster Entertainment, i all hovudsak som let-regissør for produksjonane «Skal vi danse», «Idol» og «X-factor», samt redaktør for «Gøy på landet». Ho har også hatt oppdrag for andre produksjonsselskap, mellom anna Nordisk Film og TV der ho jobba som reporter på «71 grader nord».

Kva jobbar du med no?

– No jobbar eg ilag med Elin Helgheim på ein serie i kategorien sakte-tv. Den skal sendast i primetime på NRK1 etter påske, og handlar om Severin på Røneset i Storfjorden på Sunnmøre. Her bur han på ein veglaus gard for tiande år på rad, og i serien føl me han gjennom eit år på Røneset.

Eg er fyrst og fremst redigerar no, men får også jobba med regi innimellom. Sist med å lage slektsportretta som blir vist til deltakarane i «Anno», neste regi-jobb blir på runde to av «Det store symesterskapet» som skal spelast inn her i Bergen i april.

 

Kva er det beste med jobben din?

– Det eg likar best med å jobbe her på Minde, er nettopp variasjonen i arbeidsoppgåver. Eg blir stadig utfordra, og det er bra. Slik unngår ein å bli låst til ein bestemt tankegang eller måte å fortelje ei historie på. Og ikkje minst, eg lærer nye ting heile tida – både gjennom prøving og feiling, men også takka vere gode kollegaer. Det er ein god delekultur på huset.

 

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?

– NRK Nynorsk mediesenter var viktig for meg på den måten at eg fekk stadfesta ovanfor meg sjølv kva retning eg skulle velje vidare. Eg hadde jo jobba for NRK Hordaland tidlegare, så det kan godt hende eg hadde endt opp her uansett. Men tida ved Nynorsk mediesenter gjorde meg tryggare på kva eg ønskte (og like viktig, kva eg ikkje ønskte) å jobba med, så det gjorde nok vegen mot målet kortare enn den elles ville ha vore.