29. mars 2019

Jobben min: Journalist for «Skavlan»

Tor-Erik Humlen jobbar som journalist og researcher i talkshowet Skavlan. Som nynorskpraktikant på kull 21 hadde han praksis i NRK P3 i Oslo, og etterpå var han vikar i P3-morgen. Deretter var han mellom anna journalist for Senkveld i TV 2.

Fortel om jobben din:

No jobbar eg som journalist og researcher i talk showet Skavlan, som går på svenske SVT og norske TV 2. Her har eg som jobb å finne gjestar som har aktuelle, spanande, morosame, viktige eller relevante tema å snakke om for vårt internasjonale publikum. Eg held meg godt oppdatert på kva som skjer på nyheits- og underhaldningsfronten i verden, kontaktar moglege gjestar, undersøker med dei kva dei kan fortelje og skriv manus for innspelingane basert på mine møter med gjestane.

Korleis likar du deg?

Eg trivst veldig godt i jobben min! Vi har både ein norsk og ein svensk redaksjon som samarbeider om å lage eit best mogleg program til kvar helg. Sjølve innspelingane blir no gjort hos SVT i Stockholm eller SKY Studios i London. Dermed kan det bli både mykje reising og mange seine kveldar gjennom ein sesong. Då er det godt å ha kollegaer som både er flinke og morosame å vere saman med. Det har eg, og eg gler meg til å gå på jobb kvar einaste dag.

Kva har du arbeidd med etter at du var nynorskpraktikant?

Eg hadde min eksterne praksis hos NRK P3 i Oslo. Eg var nynorskpraktikant både hos P3nett-redaksjonen og radioprogrammet P3morgen. Dette var ei veldig morosam og lærerik praktikantperiode. Etter praksisen fekk eg jobb i P3morgen-redaksjonen. Deretter har eg jobba som journalist hos Senkveld med Thomas og Harald og vore kommunikasjonsansvarlig hos Cappelen Damm forlag. No jobbar eg som journalist igjen i Skavlan-redaksjonen.

Får du brukt nynorsk i jobben din?

No som eg jobbar med TV kjem kanskje ikkje skriftspråket så tydeleg fram på skjermen. Men internt i Oslo-redaksjonen er nynorskbrukarane faktisk i fleirtal. Det er moro!

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Nynorsk mediesenter gav meg ein kickstart på journalistkarrieren, og ein veg inn i bransjen gjennom praksisplassen min hos NRK. Opplæringa gjer deg i stand til å jobbe både med TV, radio og nett. Det er ein fantastisk ballast å ha når ein skal ut og finne jobb. Eg anbefaler alle som har lyst til å jobbe som journalist om å søke om å få bli nynorskpraktikant.