8. april 2019

Jobben min: Journalist i NRK Buskerud

Anders Martin Helle (1994) var nynorskpraktikant våren 2018, på kull 28. Han hadde ekstern praksis i NRK Buskerud i Drammen og fekk vikariat der etterpå. Han kjem frå Sogndal og før han gjekk NRK Nynorsk mediesenter var han utdanna dokumentarfotograf frå Høgskulen på Lillehammer. Helle hadde også eit årsstudium i Film og fjernsynsvitskap derifrå.

– Eg jobbar som journalist i NRK Buskerud. Her fartar eg rundt og lager saker om eit breitt spekter av tema og folk. Dei siste månadane har eg vore rundt i det meste av fylket og laga saker om blant anna snøsurfebrett, politireforma og forsking på rusfeltet. Kva rolle eg har til ei kvar tid varierer veldig. Eg roterer mellom vakter som videojournalist, morgonprodusent for radiosendinga, journalist og nettpubliserer. Sakene eg lagar skal ofte ut på alle NRK sine plattformer, noko som gjer arbeidet utfordrande og spennande.

Korleis likar du deg?
Eg trivst veldig godt her. Arbeidsdagen er variert og full av nye opplevingar og interessante saker å jobba med. Spesielt kjekt er det å ta turen ut av kontoret for å laga reportasjar frå rundt i fylket. Jobben lar meg og ringa rundt til forskarar og ekspertar for å høyra dei fortelja om sine fagfelt. Mi nerdete og nysgjerrige personlegdom tykkjer det er veldig gøy. Den store variasjonen i arbeidsoppgåver og saker eg får jobba med på eit distriktskontor gjer at eg får utvikla meg raskt som journalist.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
NRK Nynorsk mediesenter har opna opp døra for meg inn i journalistikken. Eg har og hatt gleda av å møta andre nynorskpraktikantar både i og utanfor NRK. Utan tida i Førde hadde eg ikkje hatt det vikariatet eg har no. Å bli kasta ut i journalistjobben er utfordrande, men veldig lærerikt. Eg ser fram til å fortsetta gjennom dørene mediesenteret har opna opp for meg.

(Foto: Tordis Gauteplass)