9. oktober 2019

Jobben min: Journalist i NRK Møre og Romsdal

Silje Steinnes Bjerknes (31) var nynorskpraktikant på kull 20, våren 2014. Ho hadde ekstern praksis i NRK Møre og Romsdal, var vikar der i fleire år og fekk fast jobb i 2018. Av utdanning har ho ein bachelor i journalistikk og ein i psykologi, og ein master i kultur-, samfunn og sosialpsykologi, frå NTNU i Trondheim. Og eit årsstudium i Mediekunnskap frå Høgskulen i Volda.

Kva er jobben min?
Eg jobbar som journalist i NRK Møre og Romsdal. Der jobbar eg for det meste med nett og radio, men også litt med tv. Arbeidskvardagen min i Ålesund er svært variert og eg gjer alt frå å skrive nettsaker, lese nyheiter på radio, lage saker til radiosendingane våre, redigere video og lage innhald til dei sosiale medieplattformene våre. Eg har også hovudansvaret for redaksjonen si satsing i sosiale medium.

Korleis likar du deg i jobben?
Eg synest eg er heldig som har ein så variert jobb som eg har. Du veit aldri kva som plutseleg kan skje i nyheitsbildet, og gjer at du får ein heilt anna arbeidsdag enn du hadde trudd.
Eg får reise rundt i heimfylket mitt og lærer stadig noko nytt om dette varierte fylket. Eg får jobbe med å formidle mange viktige tema, samtidig som ein får møte veldig ulike personar med ulike meiningar og syn på ting. Det at ein har så varierte arbeidsoppgåver, er noko av det eg synest er kjekkast med å jobbe på eit distriktskontor.
Seinast under valet fekk eg reise rundt i heile fylket saman med ei lite gruppe kollegaer. I løpet av nokre få veker arrangerte vi ein rekke valsendingar om tema som både hadde lokal og nasjonal interesse.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
Nynorsk mediesenter er utan tvil grunnen til at eg har den jobben eg har i dag. I Førde fekk eg ei praktisk opplæring som gav meg eit godt grunnlag for vegen vidare. Der blei vi kasta ut i det, både på godt og vondt, men lærte samtidig utruleg mykje i prosessen. Mediesenteret var vegen min inn i journalistyrket og NRK, og eg har aldri angra på at eg tok sjansen og søkte på praktikantstillinga hausten 2013.