4. september 2017

Jobben min: Kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp

Vegard Tjørhom (1987) har vore kommunikasjonsrådgjevar i Kirkens Nødhjelp i eit års tid. Han var nynorskpraktikant våren 2013 og hadde ekstern praksis i NRK Utanriks. Han var tilkallingsvikar der til han frå januar til juni 2014 var praktikant i FN. Etter at han kom att frå USA var Tjørhom vikar/tilkallingsvikar i utanriksavdelinga i NRK, og arbeidd også elles i nyhendeavdelinga for nett, radio og fjernsyn til nyttårsskiftet 2015/16.

Her er Tjørhom på besøk i ein landsby i Tanzania som hadde fått hjelp til å bygge brønn, med pengar frå TV-aksjonen i 2014. – Høna måtte eg ta mot, alt anna hadde vore frekt, men me gav ho vidare til ei kvinne i landsbyen. Å ta høna med seg ut derifrå hadde vore brot på retningslinjene for korrupsjon. Slike kulturelle kollisjonar er noko av sjarmen med jobben min, seier Vegard Tjørhom.

Kva er jobben din?
– Jobben min handlar om å samle inn historier frå Kirkens Nødhjelps arbeid, og å bidra til at det vert meir merksemd rundt landa og sakene me jobbar med. Eg har også skrive to rapportar, ein om seksuell vald og ein om kor viktig det er med toalett. I tillegg lagar eg litt filmar til Facebook-sidene våre, og eg har vore konferansier på eit arrangement om seksuell vald, der mellom anna den kjende gynekologen Denis Mukwege frå Kongo deltok. Så det er ein variert jobb der eg får reise ein del, særleg til Afrika.

Korleis likar du deg?
– Eg synest jobben er både spennande, utfordrande og meiningsfull. Miljøet i Kirkens Nødhjelp er godt, og det er fint med meir ordna arbeidsforhold enn det eg hadde som tilkallingsvikar i NRK. Samstundes saknar eg journalistikken til tider, for det er ein forskjell på kommunikasjon og journalistikk. Men akkurat no er det lite som tyder på at eg vil søke meg tilbake til journalistikken med det første, for livet utanfor media er ganske så bra det også.

Får du reaksjonar på at du skriv nynorsk?
Det var nokre få som reagerte på at eg brukte nynorsk då eg hadde hovudansvaret for Facebook, men dei skjønte fort at eg ikkje var særleg villig til å føye meg. Eg har ein sjef som er nynorskbrukar, og mange av gjevarane våre er frå Vestlandet. Me arrangerer også Fasteaksjonen kvart år, der alt materiell skal vere på begge målformer, så at eg skriv nynorsk har etter kvart blitt meir ein ressurs for Kirkens Nødhjelp enn ei ulempe.

Kva har Nynorsk Mediesenter betydd for deg?
– Det har betydd alt for mi karriere. Eg hadde ikkje jobba i NRK Utanriks, FN-delegasjonen eller Kirkens Nødhjelp utan å ha vore fire månader i Førde først. Eg har aldri angra på at eg flytta til Sogn og Fjordane, og eg følger framleis med på kva NRK-folka i Førde produserer av journalistikk.