1. april 2019

Jobben min: Lagar dokumentar i P3

Maria Rivedal har i det siste jobba med «Line fikser kroppen» og «Sinnssykt». No er ho i gang med ein ny dokumentarserie med Line Elvsåshagen. Det er 15 år sidan Rivedal gjekk på det aller første kullet ved NRK Nynorsk mediesenter i 2004.

Fortel om jobben din:

Eg jobbar med å lage tv-dokumentarar i P3. «Line fikser kroppen» og «Sinnssykt» er dei siste prosjekta eg jobba med. No jobbar eg med ein ny dokumentarserie med Line Elvsåshagen. Utvikling, research og manusskriving er ein del av jobben. I tillegg brukar eg mykje tid på å snakke med unge folk rundt omkring i landet. Eg jobbar også med å utvikle korleis serien skal sjå ut og korleis og kva vi skal fortelje. Dramaturgi altså.

Korleis likar du deg?

Eg har jobba lenge i P3, og no har eg funne plassen min i tv-redaksjonen, kjenner eg. Vi er ein gjeng som har jobba saman i nokre år no, og det er verkeleg verdifullt. Det har tatt litt tid å finne ut korleis eg jobbar best, og ein blir kanskje aldri heilt ferdig med å finne ut av det heller. Det er mykje motivasjon i at NRK er ein stor arbeidsplass med mange moglegheiter, og akkurat no likar eg å jobbe prosjektbasert. Det er kjekt å starte på ein ny tematikk og det er kjekt å bli ferdig med det. Det å bruke mykje tid på å få fram ein bodskap er veldig kjekt, særleg når eg ser kor mykje det betyr for menneske som ser på.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Nynorsk mediesenter betyr konkret at eg fekk meg jobb i NRK. Men det betyr også fellesskap. Ein usynleg armé nynorskforkjemparar. Vi har alle gått den mindre populære språkvegen fordi språket er viktig for oss, og vi vil vise at det finst menneske som ikkje skriv dikt som brukar nynorsk i kvardagen, i e-postar, i felleschatten, i power point-presentasjonar, i kommunikasjon med unge folk utanfor NRK, i manus til tv-seriar og i research-dokument. Eg jobbar med mange unge folk som har sin aller første jobb her i P3. Fleire av dei har aldri møtt ein person som skriv nynorsk før. Då likar eg å tenke at eg bidreg til å vise at nynorsk er aktuelt og levande. Sjølv om eg ikkje kjenner alle som har gått på nynorsk mediesenter, så er det godt  å vite at vi er fleire som står saman. Det betyr mykje.