25. februar 2014

Jobben min: Medielærar

– Sjølv om eg ikkje heldt fram som journalist, nyttar eg journalistikken og mykje av det eg lærte på Nynorsk mediesenter i undervisninga mi. Eg ser heller ikkje vekk ifrå at eg kanskje etterkvart vil ta ein pause frå jobben som medielærar og prøva meg som journalist att, seier Elin Thingvoll Berge. Ho var nynorskpraktikant i 2008.

Kva arbeider du med?

Eg jobbar som medielærar på programfag Media og kommunikasjon ved Bergeland vidaregåande skule i Stavanger. Å vera medielærar er ein veldig kjekk og allsidig jobb og kvardagen er innhaldsrik og variert. Eg underviser i alle dei praktiske mediefaga på alle trinn. Det vil seia at eg mellom anna har prosjekt innan fotografering og filmproduksjon, journalistikk og grafisk design. Eg lærer elevane opp både i det tekniske, teori og aktuell programvare som Photoshop, Indesign, Illustrator, Final Cut m.m. I tillegg har eg ansvar for eit utvekslingsprosjekt der me kvar haust sender 15 medieelevar til Somerset College i England.

Korleis eg hamna her:

Då eg fekk tilbod om praktikantstillinga ved NRK Nynorsk mediesenter, hadde eg allereie jobba eit år som medielærar. Samstundes hadde eg alltid hatt lyst å prøva meg som journalist og vart difor veldig glad då eg kom inn. Etter opplæringa i Førde hadde eg praksis i NRK.nyheter.no på Marienlyst. Her jobba eg multimedialt og laga saker både for tv, nett og radio. Når praksisperioden var over fekk eg tilbod om eit vikariat og vart verande fram til permisjonen frå medielærarjobben gjekk ut. Etter å ha vurdert fram og tilbake bestemte eg meg for å halda fram som medielærar, då det ikkje freista å seia opp ein fast jobb for å gå ei usikker tid som tilkallingsvikar i møte.

Kva har det betydd å vera nynorskpraktikant:

Eg føler meg heldig som har fått vore ein av Nynorsk mediesenter sine journalistpraktikantar. Dette var ei veldig kjekk og lærerik tid som eg aldri gløymer. Eg fekk læra meg journalistikk frå innsida av dyktige faglærarar og vart tidleg kasta ut på djupt vatn og utfordra til å jobba raskt, nøye og effektivt. Sjølv om eg ikkje heldt fram som journalist, nyttar eg journalistikken og mykje av det eg lærte på Nynorsk mediesenter i undervisninga mi. Eg ser heller ikkje vekk ifrå at eg kanskje etterkvart vil ta ein pause frå jobben som medielærar og prøva meg som journalist att.