Bjørn Ivar Voll
27. januar 2020

Jobben min: Nattevakt i Sydney

Bjørn Ivar Voll (1985) kjem frå Nedstrand i Rogaland og var nynorskpraktikant i 2009/10. Han var vikar i mellom anna i NRK Dagsnytt og NRK Møre og Romsdal i nokre år etterpå. Hausten 2014 gjorde han ferdig ein master i historie ved Universitetet i Oslo. Voll er tilsett som journalist i Nynorsk pressekontor (NPK), men har frå hausten 2019 permisjon frå den jobben for å vere nattevakt for NTB frå Australia. Og der må han skrive bokmål.

Kva er jobben din?
Medan dei fleste i Noreg søv er oppgåva mi å halda NTBs kundar oppdatert på det som skjer i verda. Saman med dyktige kollegaer overvakar eg nyheitsbildet og skriv saker om store og små hendingar. Med tidsforskjellen blir det ein del nyheiter frå Nord- og Sør-Amerika og Asia, i tillegg til det som skjer på nattestid heime. Me les mellom anna gjennom dagsavisene, og me varslar kundar om det skjer noko i deira område.

Sidan 2015 har nyheitstenesta til NTB på natta blitt drive frå Sydney i Australia. Her er me for tida fire journalistar i ein turnus som inneber tre veker på og éi veke av. Eg kom ned hit i oktober 2019 og skal vera her i to år. I Oslo har eg fast jobb i Nynorsk pressekontor, som har ein samarbeidsavtale med NTB. Eg kunne difor søka meg til Sydney då det blei lyst ut ei stilling for om lag eitt år sidan. Eg har permisjon frå NPK medan eg er her.

Me skriv primært innanriks og utanriks, men også ein del sport og kultur. Difor gjeld det å vera allsidig i jobben, og det er heller ikke ei ulempe å ha erfaring frå ulike redaksjonar og innan ulike stoffområde. Her nede sit fleire europeiske nyheitsbyrå, som svenske TT, danske Ritzau og engelske PA. Det er i det heile ei god blanding språk som blir snakka i det opne kontorlandskapet me deler hjå australske AAP.

Korleis likar du jobben din?
Det er ein spanande jobb der eg lærer noko nytt nær sagt kvar dag. Det er særskilt spanande å skriva om store saker i inn- og utland, og eg føler eg får utvikla meg i jobben. Det er kjekt å få vera med på å velja ut kva me skal skriva om, sjølv om det stundom kan vera hektisk. Det er ei kontinuerleg prioritering i ei stilling som er ei blanding av å vera vaktsjef og journalist. Det kan også tidvis vera krevjande å ikkje skriva nynorsk. Til dømes heng ord som «Noreg» og «seier» igjen, men gode kollegaer er raskt på pletten for rettleia.

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?
NRK Nynorsk mediesenter var springbrettet mitt inn i medieverda. Utan opplæringa i Førde hadde eg ikkje vore der eg er i dag. Så enkelt er det. På vegen har eg tatt dei moglegheitene som har dukka opp til å gjera ulike ting i forskjellige redaksjonar i og utanfor NRK. Det skal også nemnast at eg har fått god bruk for mediesenter-paraplyen eg fekk ein gong i 2009 her i Sydney.