25. september 2015

Jobben min: NRK Dagsnytt og Alltid Nyheiter

Vidar Eidhammer (31) gjekk på det fjerde kullet med nynorskpraktikantar, i 2006/2007. Han hadde ekstern praksis i NRK Sporten, og tok medieutdanning ved Høgskulen i Stavanger etterpå.
– Utan NRK Nynorsk mediesenter hadde eg kanskje framleis vore yrkessjåfør, seier Eidhammer.

Biletet: Før Dagsnytt-sending i studio K52, fredag 25.september 2015.

Eg jobbar som programleiar, produsent og reporter i Dagsnytt og Alltid Nyheiter på Marienlyst. Etter litt fram og tilbake som tilkallingsvikar i ulike redaksjonar, hamna eg her tidleg i 2011. Gjekk då på vikarkontraktar ei tid, før eg blei fast tilsett i fjor haust. Sendingane eg har med å gjera er alt frå tre minutt lange bulletinar, til flatesendingar som Nyheitsmorgon (0630-09), Nyheitslunsj (1230-13) og Nyheitsettermiddag (15-17). I tillegg har eg meir eller mindre faste innhopp i «hjulet» i Alltid Nyheiter, der me er ei handfull journalistar som driv kanalen, og byter arbeidsoppgåver i løpet av dagen.

Korleis likar du deg?
– Det er ein jobb der ein må mestre mykje. Tempoet er oftast svært høgt, med korte tidsfristar, og store, viktige saker. Det gjeld å vera stø på handa, og kald i hovudet, sidan me dei siste åra har fått meir sendetid, og færre folk til gjera jobben. Men dagane går fort, og kollegaene er gode og flinke, så som oftast har me landa trygt og godt når «send-knappen» blir trykka ut. Personleg likar eg nok best å stå i studio, men produsering er også kjekt, spesielt når alle gjestene kjem og all teknikken virkar som den skal.

Kva gjer du i løpet av dagen?
– Med så mange hattar eg har i løpet av ei arbeidsveke, er det ulikt frå dag til dag. Det viktigaste er å følgja nyheitsbiletet tett, få booka inn gjester til dei ulike sendingane, og, som nemnd, vera produsent eller programleiar for ulike sendingar. Som programleiar er det viktaste å tenka prioritering, direkteintervju, framføring og teknikk, då det er sjølvkøyr i nær sagt alle sendingar. Som produsent går det mykje i det same som programleiaren, men ein tenkjer meir på prioritering og logistikk, ofte i samarbeid med vaktsjef, utanriks, distriktskontora og økonomi- og politikkredaksjonen. I tillegg har eg ansvar for at me ikkje sprekk på tid, og at ting heng saman på sekundet.

Kva betydde Nynorsk mediesenter for deg?
– Utan NM hadde eg truleg ikkje vore journalist, og kanskje heldt fram som yrkessjåfør, som eg var før eg byrja der. Eg fann nærmast igjen interessa for språk, som hadde forsvunne litt i åra før. I tillegg fekk eg ei type opplæring som har vist seg nyttig seinare – nemleg at det beste er å berre hoppe i det, og ikkje vera redd for å prøva nye ting. Eg vil rå alle som tek kurset i å læra seg flest mogleg posisjonar innan radio, og også læra seg nett og tv – då har ein mange bein å stå på, og ein kan dra vekslar på erfaringane ein får i dei ulike mediuma.

Sjå meir om jobbane til tidlegare nynorskpraktikantar her