3. oktober 2014

Jobben min: NRK Dagsrevyen

Simon Solheim (24) er journalist i NRK Dagsrevyen, der han får arbeide med dei største sakene i nyheitsbiletet. – Det er ein spennande, variert og artig jobb, men også ein jobb eg er audmjuk til, seier Solheim.

– I redaksjonen min jobbar vi med å lage saker og reportasjar til nyheitssendingane på tv. Hovudsendinga vår er Dagsrevyen 19, som går klokka sju kvar kveld, og har i snitt 850.000 sjåarar. Eg skreiv mine første saker i lokalavisa Firdaposten I Florø då eg var 15 år. Eg ville bli journalist, det visste eg, men eg fekk for alvor stadfesta av journalistikken var den rette karrierevegen for meg då eg kom inn i NRK.

– Korleis er arbeidsdagen din?

– Dagane er varierte og hektiske. Det mest spennande med å vere journalist i Dagsrevyen er at vi er i kontakt med alle type menneske, og får moglegheita til å fortelje ulike historier. Både det vesle og nære, men også dei store og kompliserte sakene. Den eine dagen intervjuar du statsministeren, den andre dagen møter du ein uteliggjar eller nokon som føler seg maktelause mot styresmaktene. Den neste dagen går du gjennom tal og analyser eller prøver å kartlegge ulike miljø. Du må ha evne til å kaste seg rundt raskt og å setje deg inn i nye fagfelt på kort tid, noko som gjer jobben ganske spennande. Det gjer at vi lærer nye ting heile tida.

– Det er eit stort ansvar?

– Vi har mange sjåarar og stor slagkraft, noko det er viktig å vere audmjuk til. Gjer ein noko feil, slurvar med fakta eller er uredeleg blir det lagt merke til. Det er difor avgjerande og behandle sakene med respekt og jobbe grundig om saka er stor eller lita. Vi går opp til eksamen nesten kvar einaste dag.

– Kva utfordringar får du?

– Moglegheitene er mange i Dagsrevyen, så lenge ein har gode idear. Eg har fått eige personleg fotoutstyr og bærbar datamaskin av jobben, slik at eg skal vere i stand til å reise på oppdrag på eigahand. Når ein kan filme sjølv og levere saker frå felt er det lettare å få reise på turar.  No er eg i det vi kallar ON-gruppa her i Nyheitsdivisjonen. Det er ei gruppe som er sett saman av fire-fem reportarar frå tv, radio og nett. I tre og ein halv månad jobbar vi med større prosjekt, noko som gir oss moglegheit til å gå djupare og grundigare inn i saker.

– Du er glad i tv-mediet?

– Tv-forteljinga er eit sterkt verkemiddel. Kanskje det sterkaste i journalistikken. Men journalistikk på tv byr også på mange utfordringar. I Dagsrevyen lagar vi ganske korte saker, noko som gjer at vi må vere veldig pedagogiske. Å gjere vanskeleg politikarspråk forståeleg eller få fram alle nyansar i ei komplisert straffesak kan vere alt anna enn enkelt. Når vi kjem over dei verkeleg gode tv-historiane, der bileta kan leve og fortelje, finst det ingen konkurrentar til tv.

– Kva betydde det for deg å vere nynorskpraktikant ?

– Eg var 19 år då eg vart nynorskpraktikant og hadde lite livserfaring og fagleg bakgrunn, men tida på mediesenteret gjorde meg trygg i rolla som journalist. Vi blei sparka i rumpa frå dag ein, kasta ut på djupt vatn – men det er også den mest effektive måten å lære på. Det store fokuset på praktisk læring, er nok det som skil NRK Nynorsk mediesenter frå andre journalistutdanningar.

Kortversjonen om bakgrunnen til Simon Solheim som journalist:

Har vikariert som vaktsjef på Nyheitssenteret i periodar, der eg har vore arbeidsleiar for fleire andre. Har krim som hovudfelt. Er i krimgruppa til Olav Rønneberg. Tilsett i innanriksredaksjonen, fast tilsett i oktober 2013, som 23-åring. Starta i Firdaposten som 15-åring, deretter Firda, så NRK Nynorsk mediesenter, Forsvaret, programleiar eit år i Dagsnytt og no Dagsrevyen der eg har vore sidan sommaren 2012.