https://nynorskmediesenter.no/Jobben min: NRK Dagsrevyen
5. april 2012

Jobben min: NRK Dagsrevyen

– Gjennom å vere nynorskpraktikant har eg fått ein unik veg inn til NRK, seier Eline Buvarp Aardal, som var nynorskpraktikant i 2007. Ho arbeider i dag i innanriksredaksjonen i Dagsrevyen.
 

Kva gjer du no?  

Eg jobbar i innanriksredaksjonen i Dagsrevyen. Her har eg vore i vel eitt år, og no har eg vikariat fram til 1. september.   

Korleis hamna du her?  

Etter russiskstudiar i Kviterussland hadde eg lyst til å flytte til Oslo. Gjennom gode kontaktar og referansar fekk eg vikariat, først i Dagsnytt, sidan i Dagsrevyen. Erfaringa frå NRK Nynorsk mediesenter og seinare NRK Sogn og Fjordane hadde mykje å seie for at eg fekk vikariata.

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?  

Gjennom å vere nynorskpraktikant har eg fått ein unik veg inn til NRK. Eg hadde aldri jobba med tv og radio før eg starta på NRK Nynorsk mediesenter, men etter eit halvt år der kunne eg starte som reporter i NRK Sogn og Fjordane. Der fekk eg svært verdfull arbeidserfaring som både tv- og radiojournalist. Eg gir tida i Førde mykje av æra for at eg har den jobben eg har i dag.