https://www.nynorskmediesenter.no/Jobben min: NRK Førkveld
2. april 2012

Jobben min: NRK Førkveld

– Eg hadde neppe sete som vaktsjef i NRK Hordaland no utan den drahjelpa eg fekk frå NRK Nynorsk Mediesenter, seier Ingvil Aaen Torpe. Ho var praktikant våren 2010.

 

Kva gjer du no?

No jobbar eg som vaktsjef for Førkveld. Me er to stk som deler på turnusen, så eg vekslar på å ha dagvakt med planlegging fram i tid og kveldsvakt med ansvar for dagens sending. Det er ein kjekk, variert og utfordrande jobb, noko som passar meg heilt utmerka. Her får eg brukt fleire av erfaringane eg har tileigna meg frå tidlegare jobbar, og så lærer eg noko nytt kvar einaste veke.  

Korleis hamna du her?

Eg hadde eksternpraksisen min ved NRK Hordaland og i løpet av dei vekene var eg innom Førkveld-redaksjonen som VJ. Etter det hadde eg fleire ulike jobbar, både i NRK og for andre, før eg hamna tilbake i Førkveld-redaksjonen som researcher i oktober i fjor.

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?

Å vera nynorskpraktikant opna heilt klart fleire dører for meg. Eg hadde neppe sete som vaktsjef i NRK Hordaland no utan den drahjelpa eg fekk frå NRK Nynorsk Mediesenter. Her på huset kjenner dei godt til kva kunnskap ein tileignar seg gjennom praktikant-tida i Førde, så dei har ikkje vore redde for å sleppa meg til på ulike område. Eg hadde fleire bein å stå på før eg vart nynorskpraktikant, men eg trur nok det ville tatt lengre tid å kome seg fram til denne jobben utan å kunne vise til tida ved Nynorsk mediesenter.