2. oktober 2015

Jobben min: NRK i Hardanger

Tale Hauso (1991) gjekk på kull 19 med nynorskpraktikantar, i 2013/14. Ho hadde ekstern praksis i NRK Hordaland. – I juni 2015 vart eg fast tilsett som journalist i Hardanger for NRK Hordaland. Det skjedde etter at eg hadde jobba i Bergen for NRK Hordaland som reporter i radio, tv og på nett etter eg var ferdig hos Nynorsk medisenter i Førde i byrjinga av 2014.

– Eg har flytta til Ullensvang og har no ansvar for å følgje og formidle det som skjer her i regionen i Hardanger, til både TV, radio og nett.
Eg har ikkje eit fast kontor eg jobbar frå, men brukar i hovudsak bilen som kontor. Det gjer at eg står mykje meir fritt til å reise rundt når og kor eg vil. Framleis er eg ganske ny i stillinga, og det gjer at eg prøver ut ulike arbeidsmetodar for å sjå kva som fungerer best.
Det er sjølvsagt annleis å ikkje gå til eit kontor og møta kollegaer kvar dag, men igjen så får eg møtt ulike personar i ulike situasjonar når eg reiser rundt. Dagane vert aldri dei same, og eg er privilegert som kan bestemme så mykje sjølv.

Korleis likar du deg i jobben?
Eg likar meg veldig godt! Det er lærerikt og ei stor oppleving, men og spennande og utfordrande. Arbeidsdagane er veldig varierte og sjølvstendige. Det er kjekt å få lov til å reise rundt i regionen og lage saker om det som folk er opptekne av her. I tillegg kjem eg veldig tett opp mot lyttarar, sjåarar og lesarar. Eg har rett og slett draumejobben!

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?
– Det har betydd utruleg mykje. Eg hadde aldri vore der eg er i dag utan Nynorsk mediesenter. Den gode innføringa vi fekk i å jobbe fleirmedialt, både TV, radio og nett, har vore veldig viktig i arbeidet mitt. I tillegg har eg fått mykje igjen for at vi vart så godt lært opp i å hoppe i ting og ikkje vere redd for å prøve nye ting. Det har vore til stor hjelp og noko eg drar nytte av kvar einaste dag.