13. mars 2015

Jobben min: NRK Rogaland

– No har eg draumejobben. Eg er fast tilsett som journalist i NRK Rogaland, og får jobbe både med tv, radio og nett. Det er nye utfordringar og nye ting å lære kvar dag, og det passer meg perfekt. Det seier Kjersti Hetland. Ho var nynorskpraktikant i 2012.

Korleis hamna du her?

Eg hadde praksisen min i Dagsrevyen, og fekk jobb som tilkallingsvikar der då eg var ferdig. Det var ei fantastisk god erfaring å ha med seg. Eg lærte mykje om tv, og fekk eit innblikk i korleis dei jobbar på Marienlyst. Då eg hadde jobba der i vel eitt år, bestemde eg meg for å flytta heim til Rogaland. Eg var på rett plass til rett tid, og var heldig som fekk meg fast jobb.

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Det har betydd utruleg mykje. Eg hadde studert i mange år før eg begynte i Førde, og det var perfekt å kunne få ei journalistutdanning på så kort tid, som var så praktisk retta. Det var også min inngangsbillett til NRK og den fantastiske jobben eg har i dag. Eg er evig takknemleg for at NRK Nynorsk mediesenter hjalp meg inn i journalistyrket