16. oktober 2015

Jobben min: NRK Rogaland

Mathias Oppedal er journalist og fotograf i NRK Rogaland. Han har arbeidd der sidan han var der i praksis som nynorskpraktikant på etterjulsvinteren i 2010.

– Her jobbar eg med alt frå kommunebudsjett til kromkaker. Ein dag er eg på pressekonferanse hos Statoil, den neste er eg med på hausting av årets første poteter. Aller mest sit eg likevel i redaksjonen og «deskar» nyheiter til nettsidene våre.

– Korleis likar du deg i den?

Det er kjekt å få vera med på mykje. Sidan eg både kan jobba som fotograf og som journalist kan kvardagen til tider bli variert. Både i type saker og form på sakene. Matportalen nrk.no/mat held også til i NRK Rogaland sitt hus. Derfor blir det av og til oppdrag som er heilt utanom det vanlege, og som gir avkastning i form av vomfull.

– Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Eg hadde ikkje vore journalist om det ikkje hadde vore for NRK nynorsk mediesenter. Så yrkesmessig har opphaldet i Førde betydd alt for meg. Men det må også leggast til at opphaldet er det mest intensive og lærerike eg nokon gong har vore med på. Hadde eg lært like mykje alle åra eg gjekk i grunnskule og høgare utdanning, hadde eg sikkert vore verdas smartaste mann. Dessutan var det mange kjekke folk å bli kjend med.