10. september 2015

Jobben min: NRK Supernytt

– I Supernytt er det viktig å formidle nyheitene på ein kul, forståeleg og trygg måte, seier Signe Fuglesteg Luksengard. Ho var praktikant i vår, og fekk vikariat i NRK Supernytt etter at ho hadde praksis sin der.

– Fortel om jobben din

Eg er VJ i NRK Supernytt. Her er eg ein av 9 VJ’ar som lagar nyheiter for born frå 8-12 år. Jobben min er veldig variert. Nokre dagar er eg ute og filmar, andre dagar redigerer og legg kommentar, nokre dagar er eg nettvakt andre gonger ansvaret for sosiale medium. Supernytt publiserer på Instagram og snapchat i tillegg til nettsidene våre.
Som VJ jobbar eg for det meste solo og styrar alt sjølv; eg reiser ut på oppdrag åleine og både filmar og intervjuar, redigerar og legg kommentar sjølv. Det gjer meg utruleg stor fridom, noko eg likar godt.

I Supernytt er det viktig å formidle nyheitene på ein kul, forståeleg og trygg måte. Me pratar dialekt og prøver å unngå «dagsrevyen»-stemme i studio. Her gjeld det å gjere det personleg og å fenge ungane slik at ein får nyheitene ut på ein spennande og forståeleg måte. Me lagar saker på alt frå harde og vanskelege saker som båtflyktningar og seksuelle overgrep til lettare saker som at ei skilpadde har slått ny fartsrekord. Dei harde sakene blir ofte fortalt med eit snev av håp. Fortel me om båtflyktningane er det viktig å fortelje at akkurat ho her gjekk det bra med, slik at det ikkje berre skal vere elende. Det er også viktig å forklare grundig og hindre at ungar blir redde av det dei ser og høyrer. Denne miksen av både harde og lette saker er også viktig for Supernytt.

På Instagram og nett er det viktig å få ungane engasjerte, men også å følge med at dei ikkje kommenterer slemme kommentarar til kvarandre. Det er også viktig å svare på spørsmål dei måtte ha om det som skjer i verda, for at dei skal kjenne seg tryggare.

– Korleis likar du deg?

Eg trivst kjempegodt i Supernytt. Her kan eg bruke erfaringane mine frå fotografering inn i filminga. Eg gjer noko viktig og spennande samtidig som det er veldig mykje moro. Kollegaene mine er heilt supre, det er alltid ei god stemning på kontoret med mykje latter og tull. Å jobbe med ungar er også noko eg synest er veldig spennande og moro, så dette er midt i blinken for meg!

– Kva har nynorsk mediesenter betydd for deg?

Utan nynorsk mediesenter hadde eg aldri hatt den jobben eg har no. Eg hadde ikkje komme meg inn i NRK og gått glipp av mykje lærdom, erfaring og mykje moro. Det er eit unikt program som gjer at eg har alle kvalifikasjonar til å kunne gjere den jobben eg gjer no. Eigentleg er det ganske sprøtt å tenkje på at for eit år sidan kunne eg nesten ingenting av dette, men no etter nynorsk mediesenter har eg ingen problem 🙂