https://nynorskmediesenter.no/Jobben min: NRK TV-aksjonen
22. oktober 2012

Jobben min: NRK TV-aksjonen

 – Eg har reist rundt i heile landet og oppsøkt stadar og menneske som gjer noko ekstra for å samle inn pengar til TV-aksjonen, skriv Birte Njøsen Horne. Dei som fylgde tv-sendinga på NRK1 søndag kunne sjå dei artige reportasjane hennar der.

Horne var praktikant på andre kullet.

Kva gjer du no?

No jobbar eg som reporter i TV-aksjonen, og dette er fjerde år eg gjer denne jobben. Eit program eg er veldig stolt og audmjuk over å jobbe med. I ei slik sending går NRK litt «ut av seg sjølv» og stiller ein heil dag på TV til å samle inn pengar til ei viktig sak. «NRK er større enn seg sjølv den dagen» som kringkastingssjef Hans-Tore Bjerkaas så fint seier det. Og det er eg veldig glad for å få vere ein del av. Dette er av dei største sendingane NRK lagar og det trur eg ikkje mange forstår. Vi lagar åtte timar TV, vi besøker mange land som det ikkje akkurat er enkelt å jobbe i. Det skal 400 menneske ut og inn av studio i løpet av ein dag, alt frå artistar, statsministeren til torturofre. I tillegg skal 100 000 bøssebærarar gå frå dør til dør i heile landet og samle inn pengar, for dette er den største dugnaden i verda målt i innsamla pengar per person og deltakarar. I år er det Amnesty som skal få pengane. Vi samlar inn pengar som skal brukast på sette søkelyset på brot av menneskerettigheitar over heile verda. Min jobb er å spegle dei frivillige i landet, både i opptak og direkte på sjølve dagen. Eg har reist rundt i heile landet og oppsøkt stadar og menneske som gjer noko ekstra for å samle inn pengar til TV-aksjonen.

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?

Det er ein del år sidan eg var nynorskpraktikant og har jobba i mange forskjellege program i NRK sidan den gong. I 2009 fekk eg vere reporter i TV-aksjonen og har sidan den gongen håpa at eg fekk gjere det igjen, og no er det faktisk fjerde året mitt. Eg er nesten til veteran å rekne! Men det å ha vore nynorskpraktikant var ein døropnar som gjorde dette mogeleg. I NRK er det så mange ulike og fantastiske stadar å jobbe, men ein treng nøkkelen for å kome seg inn. Den fekk eg av Nynorsk mediesenter.