1. mars 2015

Jobben min: NRK Tyholt

Lenge snusa Hanne Våge på moglegheita til å bli journalist, og den dag i dag er ho overbevist om at praktikantopphaldet gav henne det startskotet ho trengde. Våge var nynorskpraktikant i 2013.

Kva gjer du no?

Akkurat no er eg tilkallingsvikar på Tyholt, med tilhaldsstad i P3nyheter, og Her og nå. Her jobbar eg som alt frå radioreporter i Her og nå, til nyheitsopplesar på P3. Innimellom er eg også innom distriktskontoret her i Trøndelag.

Kor ofte eg er på jobb varierer også veldig frå veke til veke. Nokre gongar jobbar eg fullt, andre gongar mindre. Som student passar det meg veldig fint.

Korleis hamna du her?

Eg har vore på Tyholt sidan eg hadde ekstern praksis i P3nyheter, og Her og nå våren 2013. Etter praksis fekk eg sommarjobb, og sidan tilkallingskontrakt. Det eg likar aller best ved jobben som tilkallingsvikar, det er den enorme variasjonen i arbeidsoppgåver. Den eine dagen sit eg på telefon med Eli Hagen, og lurer på om ho vil vere med i debatt. Den andre dagen lærer eg om nanoteknologi i eit av landets største laboratorium.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Hadde det ikkje vore for NRK Nynorsk mediesenter, ville eg aldri vore der eg er i dag. Lenge snusa eg på moglegheita til å bli journalist, og den dag i dag er eg overbevist om at praktikantopphaldet gav meg det startskotet eg trengde.