3. oktober 2019

Jobben min: Podcastred. i NRK

Katrine Nybø (33) var nynorskpraktikant våren 2012. Ho hadde ekstern praksis i NRK Dagsnytt og har arbeidd i nyhendeavdelinga i NRK etterpå. Fast tilsett i 2014. Før ho vart nynorskpraktikant hadde ho ein bachelorgrad i medievitskap ved NTNU, eit år på medielina ved Rauma Folkehøgskule og eit årsstudium i Nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

Kva er jobben din?
Eg er ein del av eit team på 4 stykker, som skal utvikle NRK Nyheiter sin daglege nyheitspodcast. Den er heilt i startgropa, og pr i dag er vi berre 2 av 4 på plass. Ragna Nordenborg er programleiar. Dei neste par månadene skal vi utvikle, førebu, planlegge og teste. Podcasten skal etterkvart kome ut kvar dag klokka 06 på morgonen, og forhåpentlegvis skal vi klare å fange lyttarar som vanlegvis ikkje høyrer så mykje på nyheiter på radio. Tema vil difor variere frå veldig lette til dei meir tyngre, og dei skal engasjere alle aldersgrupper. Vi tenker sjølvsagt å dekke dagsaktuelle nyheiter, men på ein litt tidlaus måte. Det er i allefall planen per i dag.

Korleis likar du deg i jobben?
Ettersom eg berre har jobba i Podcastredaksjonen i nokre få dagar, så er det heile ganske nytt. Det er spanande å få vere med i starten av eit nytt prosjekt. Slik får eg vere med å definere korleis NRK Nyheiter skal høyrest ut som podcast, og det er jo kjempekjekt!
Frå før av har eg min faste jobb i Dagsnytt og Alltid Nyheiter. Det er ein ekstremt spanande plass å vere, med mykje adrenalin og uforutsigbart innhald i arbeidsdagen. Men eg kjente no at det var på tide å prøve noko heilt nytt, så difor tek eg ei pause frå direktesending, og trer inn i eit for meg ukjent terreng.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
Det openberre svaret her er jo at mediesenteret er heile grunnen til at eg har kome dit eg er i dag. Utan Nynorsk mediesenter hadde eg nok aldri fått det utgangspunktet eg hadde då eg gjekk inn dørene på Marienlyst i mai 2012. Eg var klar og rusta til å ta opp kampen om den faste jobben, og jammen greidde eg det også. Dette hadde ikkje gått utan mediesenteret og det grunnlaget det gir ein fersk journalistspire.