18. september 2019

Jobben min: Politisk journalist

Ingvild Nave var nynorskpraktikant i 2011/12 og etterpå kombinerte ho Europastudiar ved UiB med tilkalling og vikariat i NRK Hordaland. Då ho i 2017 var ferdig med studiane i Bergen og Brussel fekk ho vikariat som kulturjournalist i Bergens Tidende, og seinare fast tilsetting for å arbeide med podkastsatsinga BT20.

Kva er jobben din?

Eg har akkurat gått over i ny stilling som politisk journalist i Bergens Tidende etter å ha arbeidd med podkastsatsinga til BT i rundt eit og eit halvt år.

Korleis likar du deg i jobben?

Eg elskar den. Å blir politisk journalist har vore draumen, men det fins få slike stillingar, spesielt utanfor Oslo.  Derfor er eg ekstra heldig som både får bu her i vest og skrive om politikk. 

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Mykje. Korleis ein skal få eit bein innanfor journalistikken kan vere den vanskelegaste koden å knekke, og den løyser Nynorsk mediesenter.  Så gjeld det berre å jobbe på, klamre seg fast og byggje vidare på grunnmuren frå Førde. 

Sjå meir om bakgrunnen til Nave her