4. april 2019

Jobben min: Programleiar i NRK P3

Arianrhod Engebø er programleiar for eit program som ber hennar eige namn. Det er ikkje mange vikarar i NRK som opplever det etter berre eitt år i verksemda. Arianrhod Engebø (1994) var nynorskpraktikant på kull 27, i 2017/18. Ho hadde praksis i nettredaksjonen til P3 og fekk vikariat i mP3 etterpå. Før ho vart nynorskpraktikant hadde ho ein bachelor i journalistikk frå Universitetet i Cardiff, i Wales. Ho hadde òg vore sommavikar i avisa Firda og NRK Sogn og Fjordane. Og no leve ho draumen…….

Arian fortel dette om jobben sin:

Dei siste månadane har eg jobba som programleiar på radio hos NRK P3. Programmet «Arian» er på lufta kvar kvardag, frå klokka 16-19. Dei resterande timane av arbeidsdagen brukar eg til å gjere klar køyreplanen for neste sending og å tenke ut kva den skal innehalde. Det kan vere alt frå å tenke ut konkurransar, finne gjestar og planlegge gjesteopplegg, og å finne saker og vinklingar i nyheitsbildet som eg kan prate om på lufta. Difor er det viktig at eg held meg oppdatert på kva som skjer i musikkverda og generelt i underhaldningsfronten i verda. I tillegg ser eg over kanalane til søsterkanalen vår, NRK mP3, på sosiale media sidan eg tidlegare arbeidde der som videojournalist.

Korleis likar du deg?
Eg elskar å lage radio, og eg elskar P3, så akkurat no leve eg draumen. Radio er eit utruleg godt medium for å komme seg tett på publikum og, sjølv om det stundom kan vere skummelt, så er det også nydeleg at alt skjer direkte og at ein berre har éin sjanse til å gjere eit stikk, eit intervju eller ein overgang skikkeleg bra. Det gjer at ingen dag er den same og at ein stadig finn nye utfordringar å boltre seg på. P3 er også ein arbeidsplass med mange kreative hovud, godt samhald, ekstremt gode radiofolk og eit leikent arbeidsmiljø. Det kjennest ut som ein trygg plass å starte radiokarrieren, i tillegg til at ein stadig blir utfordra til å prøve seg på nye roller, nye prosjekter og til å tenkte kreativt. Eit slikt godt arbeidsmiljø har eg aldri opplevd før og eg prøvar så godt eg kan å suge til meg all kreativitet og kunnskap eg kan.

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?
Nynorsk mediesenter var springbrettet som gjorde at eg fekk jobb. Opplæringa der har gjeve meg fleire journalistiske bein å stå på, noko eg er rimeleg sikker på at har vore avgjerande for at eg har fått den jobben eg har no og for jobbane eg kjem til å få i framtida. I tillegg har det gjeve meg eit fellesskap. Eg er stolt over å vere ein av fleire tidlegare nynorskpraktikantar i P3 og på Tyholt, og eg opplever det som utelukkande positivt å bruke nynorsk på jobb, både i det eg produserer og internt. Eg elskar å fortelje folk at eg har gått på Nynorsk mediesenter og å telje kor mange med-praktikantar eg kan sjå når eg sit i kantina på Tyholt.