3. april 2019

Jobben min: Programleiar NRK Nyheiter

Eline Buvarp Aardal er programleiar i NRK Nyheiter på Marienlyst. Ho gjekk på kull sju med nynorskpraktikantar i 2007/2008. Ho hadde ekstern praksis i Her og Nå-redaksjonen på Tyholt var vikar i NRK Sogn og Fjordane i to år etterpå. Deretter studerte ho russisk i Kviterussland. Aardal vart vikar i Dagsnytt i 2011 og gjekk vidare til Dagsrevyen, der ho fekk fast jobb i 2014. Før ho vart nynorskpraktikant hadde Eline Buvarp Aardal ein Bachelorgrad i statsvitskap og tysk frå NTNU, og ho hadde vore kulturjournalist og reportasjeredaktør i studentavisa Under Dusken.

Kva er jobben din?
Eg jobbar som programleiar i NRK Nyheiter på Marienlyst. Her leiar eg nyheitssendingane på TV klokka 12 og 17. I tillegg har min redaksjon ansvaret for alle sendingar på dagtid, både breaking – og temasendingar. Dei siste månadene har eg mellom anna hatt sendingar om cruiseskipshavari, Brexit, terror, politisk kaos og statsbudsjettet.

Når eg ikkje sitt i studio lagar eg saker til sendingane. Eg blir også sendt ut for å rapportere frå aktuelle hendingar i området. I tillegg lager eg videoar til nrk.no og sosiale medium.

Korleis likar du deg?
Eg trivst veldig godt på jobb. Eg er heldig som har ein jobb som gjer at eg er oppdatert på nyheitsbildet til ein kvar tid.

Eit av råda Magni Øvrebotten gav då eg starta på Nynorsk mediesenter var å kome “påkledd på jobb”. Ho meinte at vi alltid måtte vite kva toppsakene i nyheitsbildet gjekk ut på, sånn at vi var budde på å jobbe med dei. Det rådet følgjer eg framleis, eg har ikkje noko i studio å gjere om eg ikkje kjenner sakene eg skal formidle.

At eg aldri heilt veit kva dagen bringar er spennande og utfordrande. Vi er ikkje så mange i min redaksjon. Alle må bidra for å få sendingane på lufta. Derfor er eg glad for at miljøet på desken er godt, vi stolar på kvarandre og har det kjekt på jobb.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?
Med Nynorsk mediesenter kunne eg stupe rett ut i arbeidslivet, vegen inn i NRK vart kort. Eg hadde praksis i Her og nå, noko som var spennande, men grunnlaget for journalistlivet la eg i NRK Sogn og Fjordane, der eg fekk jobb etter at praksisperioden var over. Den jobben hadde eg aldri fått utan Nynorsk mediesenter.

I Førde vart eg kasta ut i det, først på radio, seinare lærte eg TV-faget. Frå Førde gjekk turen etter kvart til Oslo og Dagsrevyen. Sjølv om eg ikkje jobbar like mykje som tv-reporter lenger, er vegen kort mellom dei ulike redaksjonane på Marienlyst, og eg tar gjerne ei vakt i Dagsrevyen når det er behov for det. Nynorsk mediesenter gav meg nøkkelen inn til NRK, og det er eg svært takksam for.