1. november 2013

Jobben min: Programleiar og reporter i NRK Hordaland

– Tida i Førde har mykje av æra for at eg har den jobben eg har i dag, seier Siri Kleiven Strøm. Ho var nynorskpraktikant på det tidande kullet i 2009.

Kva arbeider du med?

Eg er journalist og programleiar i NRK Hordaland. Når eg er reporter jobbar eg i hovudsak med fjernsyn for Vestlandsrevyen og for Dagsrevyen. Eg har vore programleiar for både Vestlandsrevyen og for Norge i dag.

 Korleis hamna du der?

Etter å ha studert samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, hadde eg vikariat som nyheitsjournalist både hjå NRK Sogn og Fjordane og hjå NRK Hordaland. Våren 2012 fekk eg fast jobb i redaksjonen i Bergen. Eg har jobba både som reporter og live-reporter, og hausten 2012 vart eg spurd om eg ville prøve meg som programleiar i Vestlandsrevyen. Etter jul same år vart eg fast programleiar i magasindelen av Dagsrevyen 21, Norge i dag. Opplæringa og erfaringa frå NRK Nynorsk mediesenter opna dører, og tilliten frå NRK Sogn og Fjordane og NRK Hordaland har løfta meg vidare.

Kva har det betydd for deg å vere nynorskpraktikant?

Tida i Førde har mykje av æra, viss ikkje all æra, for at eg har den jobben eg har i dag. Tida på loftet er verdifull, og gjer deg kunnskap og sjølvtillit du treng i journalistkvardagen.