2. april 2019

Jobben min: Programskapar i NRK Super

Stine Kyrkjebø Johansen jobbar med å lage nynorsk innhald til NRK Super, og produserer dokumentarseriar som «Klart eg kan» og «Bli med heim» som viser ekte ungar i kvardagssituasjonar.

Stine Kyrkjebø Johansen

Fortel om jobben din:

Kreativ, leiken og meiningsfull. Slik er kvardagen i den vesle redaksjonen vår i Førde.

Eg jobbar med å lage nynorsk innhald til NRK Super frå distriktet og har no tittel som programskapar. Her har eg vore sidan hausten 2016, og produserer dokumentarseriar som «Klart eg kan» og «Bli med heim» som viser ekte ungar i kvardagssituasjonar.

I jobben møter eg stolte, reflekterte born mellom 5-9 år og familiane deira. Vi får lov til å formidle historia og tankane til borna ved å vise kvardagen med både utfordringar og meistring. Eg er sjølv med i både research-, casting-, opptak- og redigeringsfasen og jobbar gjerne parallelt med fleire episodar samstundes.
Eg får også klippe og lage eige innhald til både Facebook og Instagram frå seriane våre.

Å jobbe med programproduksjon er noko anna enn å vere på nyheitsdesken. Her jobbar vi i lengre periodar med det same programmet, og tenkjer meir langsiktig.
Det er sjølvsagt rom for å vere kreativ og skape nye ting. I haust laga vi musikkvideo til den eine serien, der eg fekk lage både manus (og rekvisittar) og ha regi.
Stort sett byrjar eg klokka 8.00 og jobbar til 15.30, men når vi er på opptak ser dagen gjerne litt annleis ut, og vi kan vere vekke fleire dagar i strekk.

Korleis likar du deg?:

Eg likar meg veldig godt! Å jobbe med born er svært gjevande. Dei er fulle av overraskingar og eg lærer mykje av dei. Eg føler vi lagar noko som er viktig for målgruppa vår, og at vi tar dei på alvor. I tillegg får vi vist fram mange fine nynorsknære dialektar.

Eg har svært dyktige og trivelege kollegaer rundt meg, og det er mykje godt humør. Dette gjer at arbeidsdagen er noko eg ser fram til kvar dag.
Av og til saknar eg «pulsen» nyheitsjobbinga kan gje, men ved å vere plassert tett på nyheitsdesken til NRK Sogn og Fjordane får eg likevel med meg litt av den og har høve til å bidra når det passar.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?:

Eg vil tru at eg aldri hadde hamna her eg er i dag utan Nynorsk mediesenter. Opplæringa på «loftet» har gjort meg trygg og budd på arbeidsoppgåvene som har møtt meg både på desken i NRK Sogn og Fjordane og no seinare med programproduksjon.

Nynorsk mediesenter er for meg venskap, identitet og stoltheit, og eg kjenner meg stolt som får vere ein del av mediesenter-familien som stadig blir større.