16. desember 2013

Jobben min: Prosjektleiar i Snöball Film

– Nynorsk Mediesenter kveikte mediamannen i meg. Det gav meg eit nytt yrkesspor, noko eg er takksam for, seier Knut Åge Teigen. Han var nynorskpraktikant i det første kullet på NRK Nynorsk Mediesenter hausten 2004 og har sidan arbeidd i produksjonsselskapet Snöball Film.

– Kva arbeider du med?
Eg er prosjektleiar og produsent i Snöball Film, stundom også regissør. Som prosjektleiar og produsent har eg ansvar for å styra prosjekt frå oppstart til dei er ferdige.  Det inneber tett kontakt med samarbeidspartnaren eller kunden og faggruppa i prosjektet. Eg er aktivt med i idéutviklinga undervegs og bidreg dessutan med fagleg og pedagogisk kvalitetssikring i redigeringa. Elles har eg administrative oppgåver når det gjeld skriving av anbod og rapportering. Eg står fritt til å skriva søknadar på nynorsk. I det heile teke er Snöball ein open og veldig fri arbeidsgjevar.

Snöball Film er basert i Oslo og har 20 fast tilsette. Me har spesialisert oss på det me kallar kunnskapsfilm. Sidan oppstarten i 2000 har selskapet laga over 600 små og store filmar for private kundar, organisasjonar og offentlege etatar. Eitt nytt oppdrag me er ekstra stolte over å ha fått, er å lage filmar frå den femte hovudrapporten til FNs klimapanel.

– Kva driv du på med no?

– Akkurat no er eg produsent for ein større filmserie om sjømat og matfag for lærlingar og elevar i vidaregåande skule. Førre veke regisserte eg film om samarbeidet mellom Sørli skole i Noreg og Valsjöbyns skola i Sverige til ein serie om nabospråksundervisning i Norden. Eit tredje prosjekt er fråfall i vidaregåande opplæring med opptak i Haugesund og i Irland på nyåret. Det er stor variasjon i tema og målgruppe, og det gjer arbeidet både interessant og artig. Ein haldningsfilm for Helsedirektoratet om kondombruk er det også vorte, på nynorsk: «Dette programmet er ikkje eigna for ungdom som praktiserer sikker sex» stod det i åtvaringa først i filmen.

– Og du har teke jobben med deg til Sogn?

– Ja, i januar i år flytta eg attende til Sogn og har det eg kallar «distriktskontor» i Gaupne. Veldig mykje av arbeidet mitt kan eg gjera heimanfrå. Når det er viktige møte, synfaringar eller opptak, lyt eg ta turen over fjellet til Oslo eller andre stader. Skype har vorten ein kjær ven og «Del skjerm» ei uvurderleg teneste.

– Korleis hamna du i Snöball ?
– Eg byrja i Snöball rett etter eg var ferdig med praksisen min i NRK Møre og Romsdal, der eg også hadde eit sommarvikariat. Eg møtte ein av sjefane i Snöball tilfeldig på T-bana i Oslo og fekk eigentleg eit jobbtilbod der og då. Han hadde filma klassen min og meg den gongen eg var lærar i Bærum og var veldig interessert i å knyta til seg ein med skulebakgrunn. At eg i tillegg hadde journalistbakgrunn frå Nynorsk mediesenter var midt i blinken. Ein av dei første seriane eg arbeidde med var då også i praksis: nynorsk som sidemål, ein serie med nærmare 20 best practise-filmar om god nynorskopplæring.

– Kva har det betydd å vera nynorskpraktikant?
– Å vera nynorskpraktikant gav meg eit nytt yrkesspor. Tidlegare hadde eg vore lærar i nærmare åtte år, men hadde alltid ein journalist bankande i bringa. Opplæringa i mediesenteret var veldig konkret, du måtte tidleg produsere saker sjølv og tenkja ut idear, vinklingar og spissing. Den journalisttreninga har vore veldig nyttig for meg i det arbeidet eg gjer i dag der eg heile tida må tenkja korleis eit fagleg innhald kan formidlast på ein visuell og lett forståeleg måte. I tillegg har den konstante terpinga på rett og god språkbruk gjort meg skjerpa når det gjeld rettskriving og formuleringsevne, ikkje minst er dette viktig når ein skriv voice og fagkommentarar i filmane.