7. januar 2020

Jobben min: Rolleplukkar

Yngvil Kolset Haga arbeider med å finne skodespelarar til roller i film og tv-drama. Sokalla casting. Haga var nynorskpraktikant på kull 6, våren 2007, saman med seinare språksjef i NRK, Ragnhild Bjørge. Dei snakkast om kva casting kunne heite på norsk, og Ragnhild føreslo rolleplukkar, men det er vanskeleg å vinne innpass for nye norske ord.

Haga har hatt ansvaret for å plukke ut folk til rollene i NRK-serien om 22. juli, som hadde premiere søndag 5. januar 2020. Premieredagen er stor dag i ein rolleplukkar sin kvardag. – Dette er eit prosjekt eg hadde jobba med i heile 1,5 år, som er svært lang tid casting-messig. Det er superstas å sjå alle skodespelarane som ein har jobba så lenge for å finne i aksjon. Dei som er ekstra vakne kan sjå Ingunn Rauk, frå kull 16 med nynorskpraktikantar, som politi i episode 2, fortel Yngvil Kolset Haga.

Kva gjer ein rolleplukkar?

Konkret går jobben ut på å administrere heile casting-prosessen. Det vil seie å føreslå namn, kalle dei inn, finne scener til prøvefilminga, gjennomføre prøvefilming, sende materialet til regissøren, evt produsent og andre som er med og vurderer. Det er som regel fleire rundar til større roller, og etter kvart blir vanlegvis regissøren med på prøvefilminga. Eg filmar, og gir ofte motspel sjølv bak kamera, om vi ikkje har folk inne parvis. Når regissøren har bestemt kven hen vil skal spele rolla, så gir anten eg den gode nyheita, eller regissøren ringer sjølv. Så gir eg tilbakemelding til alle dei andre, kanskje får dei tilbod om ei anna rolle i prosjektet.

Korleis likar du deg i jobben?
Etter mange år med uvisse om kva eg skulle ende opp som yrkesmessig, så er eg særs nøgd med å ha funne denne hylla. Sjølv om eg studerte til å bli filmprodusent på Den norske filmskolen, så var det aldri riktig veg for meg. Det var jo også difor eg søkte meg til Nynorsk mediesenter kort tid etter studia. Eg sakna å vere meir praktisk i den kreative jobbinga, noko eg absolutt fekk utløp for som radiojournalist i P2 åra etterpå. Men så hamna eg tilbake i fiksjonsverda der eg trivst godt. Eg får jobbe med skodespel, manus, regi og er tett på den kreative prosessen, utan at det er eg som må bestemme. Min jobb er å legge til rette for at regissøren får eit best mogleg utgangspunkt til å ta sine val. Det er vanskeleg å ta val, så det høver meg godt å vere på sidelinja og trekke i trådane!
Eg jobbar frilans, og får på den måten velje prosjekta eg vil jobbe med, og eg får jobbe med mange ulike regissørar og produsentar. Eg har heller ikkje mitt eige kontor, men flyttar meg rundt med ein liten mac, eit lett stativ og kamera, og synst det er artig å variere arbeidsmiljø etter kva prosjekt eg er på.

Kva har NRK Nynorsk mediesenter betydd for deg?
For meg er halvåret i Nynorsk mediesenter ein viktig del av åra der eg leita etter kva eg skulle bli. Eg skjønte at eg måtte jobbe praktisk. Eg vart også kjent med eit fylke eg ikkje hadde vore i tidlegare, (RIP Sogn og Fjordane), og eg vart endå tryggare på nynorsken min. All erfaring er god erfaring når ein jobbar med fiksjon, og eg har med meg åra mine som journalist høgt oppe i bagasjen.