11. april 2019

Jobben min: Her er NRK Dagsnytt

Elise Kvien (1996) var nynorskpraktikant på førre kull med nynorskpraktikantar, 2018/19. Ho hadde ekstern praksis i P3 nyhenda på Tyholt og medan ho var der fekk ho eit vikariat i nyhendeavdelinga på Marienlyst. Der les ho no både Dagsnytt og Alltid Nyheter. Elise Kvien er frå Vartdal og før ho vart nynorskpraktikant hadde ho ein bachelor i marknadsføring og leiing frå NTNU i Ålesund, og ho hadde vore programleiar i Radio Ålesund i to år.

– Kva er jobben din?

– Eg jobbar med siste nytt i NRK Nyheter. Der jobbar eg som programleiar, produsent og reporter for Dagsnytt og Alltid Nyheter. Eg jobbar også for nyheitssenteret på nett.

Redaksjonen min har ansvar for at vi er ute med alle «breaking news» på radio og på nett så raskt som mogleg. Ein vanleg dag er aldri «vanleg». Eg kan leie Dagsnytt-sendingane, oppdatere nyheitene til smarthøgtalarar, vere reporter på sparket eller jobbe med sendinga i Alltid Nyheter. Pulsen går alltid ekstra raskt når noko skjer, og ein høyrer ofte eit «yes» frå meg kvar gong vi er først ute med ei nyheit. Ting går fort, og det er ekstra spennande kvar gong ein høyrer eit ekko av telefonlyd som går av over heile desken. Alle mann til pumpene!

Når eg ikkje er i radiostudio, jobbar eg med å førebu sendingar. Det kan vere å overvake kva som skjer i verda, eller å følgje med på pressekonferansar og få lyd frå dei som vi kan bruke i sending. Trur eg har fått prøve noko nytt kvar dag eg har vore på Marienlyst.

Korleis likar du deg i jobben?

Eg elskar jobben min. Ein veit aldri korleis dagen vil sjå ut før ein er på jobb! Det som er ekstra kult er å kjenne adrenalinet slå inn når det skjer noko breaking som vi skal formidle snarast råd. Å stå i studio då er ekstra spennande. Det har vore nokre gongar eg har lent meg tilbake i stolen og teke inn kor mykje viktig arbeid som blir gjort på desken her. Det er utruleg stas å få vere med på, og det tek eg ikkje for gitt.

Kva har Nynorsk mediesenter betydd for deg?

Nynorsk mediesenter har vore min veg inn i NRK og inn i den jobben eg er i no. Eg er utruleg takksam for moglegheita eg har fått. Eg har fått eit nærare forhold til språket mitt, og vil alltid vere ein stolt nynorskbrukar. Tusen takk!