https://www.nynorskmediesenter.no/Jobben min: Språkrådet
30. august 2012

Jobben min: Språkrådet

– Eg er mellom dei språkinteresserte byråkratane i Språkrådet. Her handlar det om nynorsk og bokmål – dagen lang, seier Astrid Marie Grov.

Telemarkingen Grov hadde master i språk, med lingvistikk som fordjuping før ho vart nynorskpraktikant i 2010/11. Her hadde ho praksis og var tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt før ho byrja i Språkrådet, og fekk fast jobb der tidlegare i år.