https://nynorskmediesenter.no/Jobben min: Stortinget
1. desember 2011

Jobben min: Stortinget

– Eg meiner at opplæringa ved NRK Nynorsk mediesenter, og erfaringa frå nyheitsredaksjonane i Førde og på Marienlyst, gjer at eg lettare kan presentera kortfatta informasjon om tidvis kompliserte EU/EØS-saker for stortingspolitikararane, seier Håvar Tvedte, frå kull sju. Han er tilsett i administrasjonen i Stortinget.

Kva gjer du no?  

I dag er eg tilsett i Stortingets administrasjon der eg arbeider med EU/EØS-informasjon for stortingsrepresentantane. Det er eit mål at representantane skal kunna følgja tidlegare med på EU-lovgjevingsprosessane, og ikkje berre etter at allereie vedtekne EU-direktiv kjem til Stortinget gjennom EØS-avtala.

Før møta i Europautvalet (der utanriksministeren greier ut om aktuelle europaspørsmål saman med ein aktuell fagstatsråd) og dei europapolitiske stortingsdebattane lagar me såkalla «informasjonspakkar» som presenterer aktuelle tema. I tillegg sender me ut eit nyheitsbrev om aktuelle EU/EØS-saker éin gong i veka, med korte saker om nye politiske initiativ, behandlinga av sentrale EU-saker i andre land osb.

Korleis hamna du her?

Etter praktikantperioden arbeidde eg både i NRK Biblioteket med research og som reporter i Dagsnytt. Så dukka det opp ei stilling på Stortinget som passa meg fint.

Kva har det betydd å vere nynorskpraktikant?

Opplæringa ved Nynorsk mediesenter, og erfaringa frå nyheitsredaksjonane i Førde og på Marienlyst, gjer at eg lettare kan presentera kortfatta informasjon om tidvis kompliserte EU/EØS-saker for stortingspolitikarar som ofte ikkje har tid til å følgja med på ei nokså uoversiktleg EU/EØS-verd. I tillegg betyr det at ein god prosentdel av EU/EØS-informasjonen på Stortinget er på nynorsk.