6. desember 2010

Jobben og ungane og slikt

Vi er allereie i desember, og det er ganske lett å sjå slutten på opphaldet i Førde. Eg har att to og ei halv veke på radio. Dermed har eg gått løpet frå radio, via fjernsyn til nett, og no er eg komen til siste langside før eg skal hoppe over hekken og stupe ut […]

Vi er allereie i desember, og det er ganske lett å sjå slutten på opphaldet i Førde.

Eg har att to og ei halv veke på radio. Dermed har eg gått løpet frå radio, via fjernsyn til nett, og no er eg komen til siste langside før eg skal hoppe over hekken og stupe ut i bassenget. Som vanleg nyttar eg metaforar frå idrettsgreina 400 meter brysthekk.

Det passar veldig godt å avslutte med radio. Det er radio som gjorde at eg hamna på Nynorsk mediesenter og det er radio eg skal halde fram med etter jul. Då står praksis i RadioSelskapet for tur. Eg er spent, gler meg og tykkjer det er langt fram i tid (sjølv om kalenderen seier noko anna). Det er no iallfall fint å avslutte opphaldet her med radio, så kjem eg i rett modus.

To veker på nettdesken har vore veldig artig og triveleg. Det som både er eit pluss og eit minus med nettsaker er at ein kan gjera dei utruleg store. Det finst alltid eit element til, anten eit ekstra bilete, ei radiosak, ei avrøysting, ein video osv som kan inn. Nokre saker tåler mykje, andre treng mindre. Eg har også skrive nettsak om nokre dommar frå tingretten. Det er balansekunst på ein knivsegg. Ein må vekte orda sine nøye. Slikt arbeid liker eg godt.

Her er nokre av nettsakene eg har laga:

– Pistol Shrimps som har laga morofilmar som ligg på YouTube. Denne saka låg fire dagar på framsida (nrk.no). Litt stas.

– Poltiske parti slit med å få folk til å stå på lister til kommunestyreval. Kanskje ikkje ei sak å syne fram under julemiddagen, men eg vart sjølv så glad i avrøystinga til slutt i saka.

– Eg var fotograf då bommen i Fjærland vart opna. Ein kan sjå bileta i denne saka.