17. februar 2010

Journalistikk og førarkort

Mange unge utset å ta førarkort. Det er sikkert miljøvenleg, men ikkje praktisk om ein vil livnære seg som journalist. Eg byrja sjølv i NRK utan førarkort. Hugsar godt kor redaktøren såg oppgitt på meg og lurde på korleis eg hadde tenkt å vere journalist i Sogn og Fjordane utan lappen?  Den fekk eg sjå til å skaffe meg, og […]

Mange unge utset å ta førarkort. Det er sikkert miljøvenleg, men ikkje praktisk om ein vil livnære seg som journalist.

Eg byrja sjølv i NRK utan førarkort. Hugsar godt kor redaktøren såg oppgitt på meg og lurde på korleis eg hadde tenkt å vere journalist i Sogn og Fjordane utan lappen?  Den fekk eg sjå til å skaffe meg, og det brennkvikt.

Lenge hadde eg inntrykk av at folk skaffa seg førarkort så snart dei var 18 år, ja, gjerne køyrde opp på denne magiske dagen. Det var nærmast sjølvsagt at myndige folk hadde lappen. Men slik er det ikkje lenger. Det har mest vorte ein trend å ikkje ha det. Grunngjevinga er ofte at dei bur i byn og ikkje treng førarkort. Det går fint å ta trikk og bane, for ikkje å seie drosje dit ein skal.

Men ein dag er studentlivet over og mange yrke krev at du kan ta deg fort rundt. Eitt av dei er journalistyrket. Rett nok prøver mange journalistar og journalistspirer å halde seg i dei store byane – i trua på at det er der dei store utfordringane ligg – men også der er det praktisk å kunne bruke firmabilen framfor drosje. For ikkje å seie rimelegare for jobben som betalar.

Nokon finn og etter kvart ut at det finst spennade mediejobbar utanfor dei større byane, men då er kravet til førarkort mest absolutt. Om ein ikkje har det så må ein love på tru og ære å ta det for å få jobben.

På eitt av kulla med nynorskpraktikantar var tre av fem utan førarkort. Det var mest så vaktsjefane i NRK Sogn og Fjordane fekk pustevanskar då kullet kom i praksis i redaksjonen. – Korleis kunne vi finne på å tilsette praktikantar utan førarkort? Skulle vi køyre dei rundt, eller?

Vi forsvarte oss med at talent må telje meir enn førarkort når vi tek inn nynorskpraktikantar, men vi let ikkje vere å mane til førarkort. For når praktikanttida er over er det mange talentfulle der ute, som skal konkurrere om dei same jobbane.  I valet mellom to like gode kan det vere førarkortet som avgjer kven som får jobben.