18. april 2011

Journalistikk og kunnskap

– En skal vite en del for å stille gode spørsmål om noe man ikke vet, sa Kjell Arnjot Wig i eit portrettprogram i NRK1 sist veke. Vi hadde nett fått fjernsyn heime då debattprogrammet «Åpen post» kom på lufta i 1966, og eg hugsar det som om det skulle vore i går. Sjølv om eg var […]

– En skal vite en del for å stille gode spørsmål om noe man ikke vet, sa Kjell Arnjot Wig i eit portrettprogram i NRK1 sist veke.

Vi hadde nett fått fjernsyn heime då debattprogrammet «Åpen post» kom på lufta i 1966, og eg hugsar det som om det skulle vore i går. Sjølv om eg var berre 12 år gjorde det eit uutsletteleg inntrykk, og eg masa meg heller til å få sjå det enn Detektimen.

Riksmålsmannen Kjell Arnbjot Wig og nynorskmannen Per Øyvind Heradstveit var programleiarar, i svart/kvitt, sjølvsagt. Etter dåtidas tone stilte begge svært direkte og frekke spørsmål, men ingen overgjekk Wig. Han tok mest pusten av samtida, og gav meg ein livslang sans for fjernsynsdebattar med futt i.

Men for å vere så frekk og direkte krevst det og kunnskap, for ikkje å bli teken med buksene nede for ofte. Wig hadde i tillegg ein nærmast fotografisk hugs, som gjer det lettare å ta vare på kunnskapen enn i minne som lek som ein sil.

I det nemnde portrettprogrammet sist veke snakka Wig om kor viktig det er med gode allmennkunnskapar hjå journalistar, og sidan eg er så samd i det hugsar eg sitatet.

Difor må alle som kjem til konferanse som nynorskpraktikantar rekne med spørsmål utanom dei tradisjonelle «malane» for jobbintervju. Spørsmål for å finne ut kor godt eller dårleg dei fylgjer med i det som rører seg i samfunnet, kven som steller med kva og korleis samfunnet vårt heng saman. Om det ikkje alt er ein naturleg del av kvardagen deira, må det bli det om dei skal livnære seg som journalistar.

Det er eit yrke der ein kvar dag må finne ut av saker og spørsmål ein elles aldri ville ha brydd seg om, og for nokon av oss er nettopp det av dei beste sidene ved yrket, alt ein lærer fordi ein må. Og neste dag er det nye blanke ark og minnefelt som skal fyllast. Orkar ein ikkje den utfordringa er journalistikken eit for travelt liv for mange.