6. mars 2020

Nynorsk journalistpris på 75.000 kr

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er i år auka frå 50.000 til 75.000 kroner og fristen for å kome med framlegg til kandidatar er 1. april. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 12. juni. Nytt av året er eit eige skjema der du kan skrive inn framlegget ditt med det same.

Her er skjemaet du kan sende inn framlegg på

I år vert namnet på prisvinnaren kunngjort fyrst på sjølve prisutdelinga, og juryen har møte 18. mai. I juryen er Solveig Barstad, TV 2, leiar. Ho har med seg Inger Johanne Sæterbakk, som er språkkonsulent på Det Norske Teatret, og Øystein A. Vangsnes, professor ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø/Høgskulen på Vestlandet, Sogndal. Dei ynskjer seg mange framlegg om  dyktige nynorskbrukande journalistar. Dette er ein journalistpris, så redaktørar kan ikkje få han.

Prisen har vore delt ut sidan 2006 då Linda Eide, NRK, fekk han. Siste prisvinnar er Kjersti Mjør, journalist i Bergens Tidende. Til saman er det 16 prisvinnarar og prisen har vore delt to gonger. Det er ni avisjournalistar og sju radio- og fjernsynsjournalistar som har fått prisen.  Kjønnsfordelinga er sju damer og ni menn.
Du finn heile lista over prisvinnarar her

Leiaren for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten, er sekretær for juryen. Den oppgåva var Kulturdepartementet si gåve til mediesenteret ved opninga i 2004. Her er heile utlysingsteksten: