25. april 2019

Journalistpris til Solveig Hareide

Solveig Hareide og laget som laga programserien «Latterlig smart» i NRK 1 får Prix Circom sin journalistpris i kategorien «Best Drama and Entertainment». Circom er den største internasjonale journalistkonkurransen for regionale kringkastarar i Europa. – Eg gler meg veldig til å reise til Serbia i mai for å ta mot prisen, seier Solveig Hareide, som hadde ideen til serien og var produsent og programleiar for han.

PÅ SCENA: Solveig Hareide i Latterlig smart. Foto: Ole Andreas Grøntvedt

– Det er veldig stor stas å få heider for eit konsept som ein sjølv har utvikla i ei tid der det er stor konkurranse og mykje fokus på tal. «Latterlig smart» hadde som mål å få vitskap ut til folket, og ikkje kun dei som var interesserte i utgangspunktet. Derfor valde vi å kombinere forskar og komikar som radarpar. Det var ein veldig morosam serie å jobbe med, og vi ser no på moglegheita for å vidareutvikle konseptet, seier Solveig Hareide.

Ho laga ikkje serien åleine. Cathrine Gaukerud og Lars O. Skjønberg hadde regien og fleire frå NRK Trøndelag var med på opptak over heile verda.

Solveig Hareide (1984) var nynorskpraktikant på det andre kullet vårt, i 2005. Ho har arbeidd i NRK etter den tid og er knytt til vitenredaksjonen på Tyholt.