7. desember 2015

Julemorgon med Ingunn Thon

Ingunn Thon skal vere programleiar for Julemorgon 2015, saman med Håvard Paulsen. Dei skal ha Julemorgon i NRK Super heile jula og startar laurdag 19. desember.

Sjå meir om Julemorgon 2015

Ingunn Thon (1986) gjekk på kull 10 med nynorskpraktikantar i 2009 og fekk fast jobb i barne-tv om hausten same året. Dei siste åra har ho hatt permisjon frå NRK for å ta ein Bachelor ved Westerdals høgskule, men arbeider i «skuleferien», mellom anna som programleiar i Reiseradioen og no i Julemorgon.