Lengre vikariat i Nationen  
4. april 2019

Lengre vikariat i Nationen

- Me er stolte og glade over at vi får fleire dyktige nynorskbrukarar inn i redaksjonen. For ei avis som Nationen som er opptekne av distrikta og har lesarar over heile landet er det viktig at vi også speglar det språklege mangfaldet vi har i landet vårt, seier Svein Ove [...]
» Les meir

Jobben min: Programleiar i NRK P3  
4. april 2019

Jobben min: Programleiar i NRK P3

Arian fortel dette om jobben sin: Dei siste månadane har eg jobba som programleiar på radio hos NRK P3. Programmet «Arian» er på lufta kvar kvardag, frå klokka 16-19. Dei resterande timane av arbeidsdagen brukar eg til å gjere klar køyreplanen for neste sending og å tenke ut kva den skal [...]
» Les meir

Søk om å bli nynorskpraktikant  
4. april 2019

Søk om å bli nynorskpraktikant

Du finn utlysinga her. – Vi ynskjer oss nynorskbrukande søkjarar frå heile landet, som vil bli journalistar. Sidan nynorsken er mest brukt på Vestlandet er det naturleg nok flest søkjarar frå dei fire Vestlandsfylka. Men for oss er det viktig å medverke til at dialektar frå både nord-, midt-, sør- og [...]
» Les meir

Jobben min: Programleiar NRK Nyheiter  
3. april 2019

Jobben min: Programleiar NRK Nyheiter

Kva er jobben din? Eg jobbar som programleiar i NRK Nyheiter på Marienlyst. Her leiar eg nyheitssendingane på TV klokka 12 og 17. I tillegg har min redaksjon ansvaret for alle sendingar på dagtid, både breaking - og temasendingar. Dei siste månadene har eg mellom anna hatt sendingar om cruiseskipshavari, Brexit, [...]
» Les meir

Jobben min: Programskapar i NRK Super  
2. april 2019

Jobben min: Programskapar i NRK Super

Fortel om jobben din: Kreativ, leiken og meiningsfull. Slik er kvardagen i den vesle redaksjonen vår i Førde. Eg jobbar med å lage nynorsk innhald til NRK Super frå distriktet og har no tittel som programskapar. Her har eg vore sidan hausten 2016, og produserer dokumentarseriar som "Klart eg kan" og "Bli [...]
» Les meir

28 framlegg til nynorskprisen  
2. april 2019

28 framlegg til nynorskprisen

Det endelege møte i juryen vert i Førde 6. mai og vi kunngjer prisvinnaren den veka. Prisen vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta 14. juni. Då får vinnaren 50.000 kroner og eit kunstverk. - Det er framleis litt for mange som berre sender inn eit namn, utan grunngjeving, [...]
» Les meir

Jobben min: Lagar dokumentar i P3  
1. april 2019

Jobben min: Lagar dokumentar i P3

Fortel om jobben din: Eg jobbar med å lage tv-dokumentarar i P3. «Line fikser kroppen» og «Sinnssykt» er dei siste prosjekta eg jobba med. No jobbar eg med ein ny dokumentarserie med Line Elvsåshagen. Utvikling, research og manusskriving er ein del av jobben. I tillegg brukar eg mykje tid på å [...]
» Les meir

Jobben min: Journalist for «Skavlan»  
29. mars 2019

Jobben min: Journalist for «Skavlan»

Fortel om jobben din: No jobbar eg som journalist og researcher i talk showet Skavlan, som går på svenske SVT og norske TV 2. Her har eg som jobb å finne gjestar som har aktuelle, spanande, morosame, viktige eller relevante tema å snakke om for vårt internasjonale publikum. Eg held meg godt oppdatert [...]
» Les meir

Slik er statusen vår per 26. mars  
28. mars 2019

Slik er statusen vår per 26. mars

I den nyaste statusrapporten vår kan du lese om tidlegare nynorskpraktikant Roger Sevrin Bruland, som nyleg fekk ny jobb som utanrikskorrespondent for NRK i Berlin. I statusrapporten kan du og lese om korleis det går med kull 30, som no er under opplæring i Førde. Og korleis gjekk det eigentleg [...]
» Les meir

Frå Samlaget til kraftmuseum  
27. mars 2019

Frå Samlaget til kraftmuseum

Guro Kvalnes (1991) var nynorskpraktikant på kull 20, våren 2014. Ho hadde ekstern praksis i Kulturnytt, og var tilkallingsvikar der ut 2015. Kvalnes har vore marknadskonsulent i Det Norske Samlaget og ho var prosjektleiar for 150-årsjubileet deira i 2018. Kvalnes har mastergrad i litteraturformidling ved Universitetet i Oslo frå 2016. Då [...]
» Les meir